Érd

Érd
Ruinane av borga i Érd
Ruinane av borga i Érd
Ruinane av borga i Érd
Flagget til Érd Byvåpenet til Érd
Flagget til Érd Byvåpenet til Érd


Plassering
Érd is located in Ungarn
Styresmakter
Land
Region
Megye
Ungarn Ungarn
Sentral-Ungarn
Pest fylke
Først nemnd i 1243
Geografi
Flatevidd
 - By

60,54 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

60 546
  1 000/km²
Koordinatar 47°23′00″N 18°55′00″EKoordinatar: 47°23′00″N 18°55′00″E
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 2030
Telefon-retningsnummer 23
Heimeside: www.erd.hu

Érd (tysk Hanselbeck, kroatisk Andzabeg) er ein by med fylkesrettar i Pest fylke i Ungarn. Byen ligg sentralt i landet og er ein del av storbyområdet til Budapest.

Historie

Området har vore busett sidan antikken. Arkeologiske funn viser at det var menneske her for 50 000 år sidan.

Érd vart først nemnd i dokument i 1243. Namnet kjem anten frå ordet erdő («skog») eller frå ér («elv»).

Under den osmanske okkupasjonen av Ungarn vart Érd erobra av tyrkarane i 1543, etter at borga i Székesfehérvár fall. Tyrkarane bygde ei motteborg og ein djami (moske) her. På denne tida vart staden kalla Hamzsabég. I 1684 klarte hæren leia av Karl IV av Lorraine å slå tyrkarane nær Érd.

I 1776 vart Érd ein oppidum (småby). Han kan òg ha vore oppidum før den osmanske okkupasjonen. Tidleg på 1900-talet vart Érd Károlyi-familien sin eigedom. Byen voks, men var hovudsakleg ein jordbruksby fram til 1972, då fleire nye bygningar vart ført opp og Érd byrja å trekke fleire turistar.

Érd var den byen som voks raskast i Ungarn mellom 1991 and 2001 (opp 30.6%). 7. november 2005 gav regjeringa Érd status som by med fylkesrettar.

Bakgrunnsstoff

Kjelde