25. januar
25. januar er den 25. dagen i den gregorianske kalenderen. Det er 340 dagar att av året (341 under skotår).
Merkedag
Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
Religiøs helgedag
Bevegelege heilagdagar som fell på 25. januar i 2024:
Namnedag
Noreg | Paul og Pål |
Sverige | Paul og Pål |
Danmark | Pauli Omvendelse |
Primstaven
- Pålsmesse. Merke på primstaven: Sverd. Saul vart omvendt og tok namnet Paulus denne dagen.
- Merkedag for året. Godt/dårleg vær denne dagen tydde godt/dårleg år.
Helgendag i den katolske kyrkja:
- Omvendinga av apostelen Paulus
Andre markeringar:
- Burns Night, til minne om den skotske diktaren Robert Burns
Hendingar
Utlandet
- 1554: Grunnlegginga av São Paulo i Brasil.
- 1575: Grunnlegginga av Luanda i Angola av Paulo Dias de Novais.
- 1765: Grunnlegginga av Port Egmont, den første britiske busetjinga på Falklandsøyane.
- 1919: Skipinga av Folkeforbundet.
- 1949: Den nye staten Israel heldt sitt første val. David Ben-Gurion blei vald til statsminister.
- 1969: Vietnamkrigen. Våpenkvilesamtalar mellom USA og Nord-Vietnam byrja i Paris.
- 1971: Idi Amin kom til makta i Uganda gjennom eit militærkupp mot Milton Obote.
Noreg
- 1893: Over 130 fiskarar døydde under uvêr i Lofoten og Vesterålen.
- 1950: 16 mann bleiv då fiskebåtane «Harmoni» av Karlsøy og «Brodd I» av Dyrøy forliste i ein orkan på kysten av Nord-Troms og Finnmark.
Fødde
- Sjå òg Fødde den 25. januar.
- 1627: Robert Boyle, irsk naturfilosof
- 1726: Hans Strøm, norsk prest og vitskapsmann
- 1759: Robert Burns, skotsk diktar
- 1851: Arne Garborg, norsk forfattar
- 1858: Mikimoto Kōkichi, japansk perledyrkar
- 1882: Virginia Woolf, britisk forfattar
- 1914: Astrid Krog Halse, norsk diktar
- 1948: Gerd-Liv Valla, norsk politikar
- 1950: Svein Gjedrem, norsk økonom
- 1970: Rune Djurhuus, norsk sjakkspelar
Døde
- Sjå òg Døde den 25. januar.
- 477: Geiserik, konge av vandalane
- 1067: Keisar Yingzong av Song
- 1366: Henrik Suso, tysk mystikar
- 1559: Kristian II konge av Danmark-Noreg
- 1848: Jacob Neumann, norsk biskop
- 1978: Skender Kulenović, bosnisk diktar
- 1999: Sarah Louise Delany, amerikansk forfattar og borgarrettsforkjempar
- 2013: Aase Nordmo Løvberg, norsk songar