Afrikaskjeggfuglfamilien

Afrikaskjeggfuglfamilien
Termittperleskjeggfugl Trachyphonus erythrocephalus Foto: Ikiwaner
Termittperleskjeggfugl
Trachyphonus erythrocephalus
Foto: Ikiwaner
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Coraciimorphae
Orden: Spettefuglar Piciformes
Familie: Afrikaskjeggfuglfamilien Lybiidae

Afrikaskjeggfuglfamilien, Lybiidae, er ein fuglefamilie som samlar skjeggfuglar i Afrika. Dei var tidlegare sameint med sine amerikanske og asiatiske slektningar i Capitonidae i ganske lang tid.[1] Det er i alt 42 artar av afrikaskjeggfuglar, inkludert 6 koparslagarar, slekta Pogoniulus. Dei finst i heile Afrika sør for Sahara, med unntak av lengst sørvest i Sør-Afrika.

Skildring og økologi

Dei er vanlegvis 20-25 cm lange, fyldige utsjånad, med store hovud, og det tunge nebbet har taggete kant. Koparslagarar er mindre, ned til raudgumpkoparslagar, Pogoniulus atroflavus på berre 7 gram og 9 cm i lengd.

Dette er hovudsakleg einslege fuglar, beitar på insekt og frukt.

Detaljar omkring hekkevanar til afrikaskjeggfuglar er enno ikkje kjente. Reiret er i regelen bygd i hekkar i hòl i trestammar, men ulikt Piciformes flest, hekkar nokre sosiale artar ved elvebredder eller i termittuer. Vanlegvis legg dei mellom 2 og 4 egg , eit unntak er sahelperleskjeggfugl som legg opp til 6. Egga blir ruga i 13-15 dagar. Oppgåvene ved hekking blir delt mellom begge foreldra.

Det har vore generelt lite kontakt mellom Lybiidae-artar og menneske. Nokre av artane som krev primærskog har no nedgang i bestanden på grunn av avskoging, nokre gongar til fordel for nære slektningar. Tapet av høglandsskogane i Kenya, til dømes, førte med seg at grønkoparslagar nesten forsvann medan raudpannekoparslagar utvida utbreiinga si.

Taksonomi

Slektene i Lybiidae var tidlegare ofte med i ein parafyletisk familie Capitonidae av alle verdas skjeggfuglar, men nyleg vanlegvis rekna som sin eigen familie Lybiidae avgrensa til skjeggfuglar i Afrika.

Artslista

Topperleskjeggfugl, Trachyphonus vaillantii
Foto: Jenny Varley
Kvitbrynskjeggfugl, Stactolaema leucotis
Foto: Dick Daniels

Afrikaskjeggfuglar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]

Slekt Trachyphonus

  • Praktperleskjeggfugl, Trachyphonus purpuratus, Yellow-billed Barbet, Verreaux, J & Verreaux, E, 1851, (LC)
  • Topperleskjeggfugl, Trachyphonus vaillantii, Crested Barbet, Ranzani, 1821, (LC)
  • Termittperleskjeggfugl, Trachyphonus erythrocephalus, Red-and-yellow Barbet, Cabanis, 1878, (LC)
  • Sahelperleskjeggfugl, Trachyphonus margaritatus, Yellow-breasted Barbet, Cretzschmar, 1828, (LC)
  • Småperleskjeggfugl, Trachyphonus darnaudii, D'Arnaud's Barbet, Prévost & Des Murs, 1847, (LC)

Slekt Gymnobucco

  • Gråstrupeskjeggfugl, Gymnobucco bonapartei, Gray-throated Barbet, Hartlaub, 1854, (LC)
  • Kongoskjeggfugl, Gymnobucco sladeni, Sladen's Barbet, Ogilvie-Grant, 1907, (LC)
  • Børsteskjeggfugl, Gymnobucco peli, Bristle-nosed Barbet, Hartlaub, 1857, (LC)
  • Nakenhovudskjeggfugl, Gymnobucco calvus, Naked-faced Barbet, Lafresnaye, 1841, (LC)

Slekt Stactolaema

  • Kvitbrynskjeggfugl, Stactolaema leucotis, White-eared Barbet, Sundevall, 1850, (LC)
  • Kvitvengskjeggfugl, Stactolaema whytii, Whyte's Barbet, Shelley, 1893, (LC)
  • Gulmaskeskjeggfugl, Stactolaema anchietae, Anchieta's Barbet, Barboza du Bocage, 1869, (LC)
  • Olivenskjeggfugl, Stactolaema olivacea, Green Barbet, Shelley, 1880, (LC)

Slekt Pogoniulus

  • Fregnekoparslagar, Pogoniulus scolopaceus, Speckled Tinkerbird, Bonaparte, 1850, (LC)
  • Grønkoparslagar, Pogoniulus simplex, Green Tinkerbird, Fischer, GA & Reichenow, 1884, (LC)
  • Skjeggkoparslagar, Pogoniulus leucomystax, Moustached Tinkerbird, Sharpe, 1892, (LC)
  • Gulnakkekoparslagar, Pogoniulus coryphaea, Western Tinkerbird, Reichenow, 1892, (LC)
  • Raudgumpkoparslagar, Pogoniulus atroflavus, Red-rumped Tinkerbird, Sparrman, 1798, (LC)
  • Gulstrupekoparslagar, Pogoniulus subsulphureus, Yellow-throated Tinkerbird, Fraser, 1843, (LC)
  • Gulgumpkoparslagar, Pogoniulus bilineatus, Yellow-rumped Tinkerbird, Sundevall, 1850, (LC)
  • Raudpannekoparslagar, Pogoniulus pusillus, Red-fronted Tinkerbird, Dumont, 1805, (LC)
  • Gullpannekoparslagar, Pogoniulus chrysoconus, Yellow-fronted Tinkerbird, Temminck, 1832, (LC)

Slekt Buccanodon

  • Skjelskjeggfugl, Buccanodon duchaillui, Yellow-spotted Barbet, Cassin, 1855, (LC)

Slekt Tricholaema

  • Hårbrystskjeggfugl, Tricholaema hirsuta, Hairy-breasted Barbet, Swainson, 1821, (LC)
  • Diademskjeggfugl, Tricholaema diademata, Red-fronted Barbet, Heuglin, 1861, (LC)
  • Miomboskjeggfugl, Tricholaema frontata, Miombo Barbet, Cabanis, 1880, (LC)
  • Akasieskjeggfugl, Tricholaema leucomelas, Pied Barbet, Boddaert, 1783, (LC)
  • Tåreskjeggfugl, Tricholaema lacrymosa, Spot-flanked Barbet, Cabanis, 1878, (LC)
  • Krattskjeggfugl, Tricholaema melanocephala, Black-throated Barbet, Cretzschmar, 1829, (LC)

Slekt Lybius

  • Bølgjeskjeggfugl, Lybius undatus, Banded Barbet, Rüppell, 1837, (LC)
  • Bloddropeskjeggfugl, Lybius vieilloti, Vieillot's Barbet, Leach, 1815, (LC)
  • Kvithovudskjeggfugl, Lybius leucocephalus, White-headed Barbet, de Filippi, 1853, (LC)
  • Fregneskjeggfugl, Lybius chaplini, Chaplin's Barbet, Clarke, S, 1920, (VU)
  • Raudmeskjeggfugl, Lybius rubrifacies, Red-faced Barbet, Reichenow, 1892, (NT)
  • Svartnebbskjeggfugl, Lybius guifsobalito, Black-billed Barbet, Hermann, 1783, (LC)
  • Krageskjeggfugl, Lybius torquatus, Black-collared Barbet, Dumont, 1805, (LC)
  • Brunbelteskjeggfugl, Lybius melanopterus, Brown-breasted Barbet, Peters, W, 1854, (LC)
  • Oransjebukskjeggfugl, Lybius minor, Black-backed Barbet, Cuvier, 1816, (LC)
  • Totannskjeggfugl, Lybius bidentatus, Double-toothed Barbet, Shaw, 1799, (LC)
  • Svartbelteskjeggfugl, Lybius dubius, Bearded Barbet, Gmelin, 1788, (LC)
  • Trikolorskjeggfugl, Lybius rolleti, Black-breasted Barbet, de Filippi, 1853, (LC)

Kjelder

Referansar

  1. Short, L.L.; Horne, J.F.M. (2002). «Family Capitonidae (Barbets)». I Del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D. Jacamars to woodpeckers. Handbook of the Birds of the World. Band 7. Barcelona: Lynx edicions. ISBN 84-87334-37-7. 
  2. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019 
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Afrikaskjeggfuglfamilien