Aino

Denne artikkelen handlar om namnet. For folkegruppa, sjå ainoar. For språket, sjå ainospråk.
Måleri av Akseli Gallen-Kallela som viser historen om Aino i Kalevala.

Aino er eit finsk kvinnenamn, og tidlegare mannsnamn, danna av ordet ainoa, 'einaste'. Aina er ein variant av namnet. Aino har svensk namnedag den 13. juni.

Namnet er brukt i det finske eposet Kalevala, der Aino er den vakre systera til Joukahainen som druknar seg for ikkje å måtte gifta seg med den gamle Väinämöinen.

Aino Järnefelt, som blei gift med Jean Sibelius.

Under den finske nasjonalromantiske perioden sist på 1800-talet var namnet mykje brukt. Nokre av dei første som fekk det var Aino Järnefelt (gift Sibelius), fødd i 1871, og Aino Krohn (seinare Aino Kallas), fødd i 1878. Etter ein topp i 1917, då over 1200 jenter fekk namnet Aino, sokk bruken utover 1900-talet. Mot slutten av 1990-åra voks han igjen, og i 2006 var Aino blitt jentenamnet som var mest gjeve i landet.[1]

Bruk

Namnet er mykje brukt i Finland, der 2 % av kvinner heiter Aino (2008). Det er også ein del brukt i Estland (0,8 % i 2004). I Noreg var det 156 kvinner som heitte Aino i 2008.

Kjende namneberarar

  • Aino Ackté (1876-1944), finsk sopran
  • Aino Kallas (1878–1956), finsk-estisk forfattar
  • Aino Aalto (1894–1949), finsk arkitekt og formgjevar
  • Aino Hivand (f. 1947), samisk biletkunstnar
  • Aino Kannisto (f. 1973), finsk fotokunstnar
  • Aino-Kaisa Saarinen (f. 1979), finsk langrennsløpar
  • Aino Jensen, dansk-norsk glasskunstnar

Kjelder

Fotnotar