Al Atkins
Allan John «Al» Atkins | |||
Fødd | 14. oktober 1947 (77 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Stone Cro i West Bromwich i England | ||
Opphav | England, Storbritannia | ||
Aktiv | 1964 til i dag | ||
Sjanger | Heavy metal, bluesrock, hardrock | ||
Instrument | Song | ||
Tilknytte artistar | Judas Priest, Stevie Young | ||
Verka som | Musikar |
Allan John «Al» Atkins (fødd 14. oktober 1947) er ein engelsk heavy metal-vokalist, mest kjend for perioden i Judas Priest.
Biografi
Atkins byrja den musikalske karrieren i 1964 og song i fleire bluesrockband før han skipa sitt eige band i september 1969, kalla Judas Priest (kalla opp etter Bob Dylan-songen «The Ballad of Frankie Lee and Judas Priest»). Dette bandet varte fram til april 1970, då det vart oppløyst på grunn av musikalske usemjer.
På denne tida dukka band som Led Zeppelin og Black Sabbath opp og Atkins var interessert i å gå i same retninga. I lag med K.K. Downing, Ian Hill og John Ellis, som spelte i bandet Freight, danna han eit nytt band. Atkins likte ikkje namnet Freight, og føreslo Judas Priest. Atkins hadde kone og barn og bandet gjorde det på den tida dårleg og hadde ingen platekontrakt i sikte. Atkins vart dermed nøydd til å få seg ein fast jobb utanfor musikken i mai 1973.[1] Han vart erstatta av Rob Halford, som song mange av songane opphavleg skrivne av Atkins. Albumet Rocka Rolla gjev eit bilete av den originale visjonen til Atkins for bandet. Atkins danna sidan eit anna band, og gjekk solo då dette vart oppløyst. Han gav ut fire album i 1990-åra og til slutt eit i 2007 som soloartist.
Diskografi
Solo
- Judgement Day (1990)
- Dreams of Avalon (1991)
- Heavy Thoughts (1994)
- Victim of Changes (1998)
- Demon Deceiver (2007)
- Demon Deceiver... Plus (Re-release with two bonus tracks, 2009)
Holy Rage
- Holy Rage (2010)
Atkins / May Project
- Serpents Kiss (2011)
- Valley Of Shadows (2012)
- Empire Of Destruction (2014)
- «Anthology»
Som gjesteartist
Lyraka
- Lyraka Volume 2 (ikkje gjeve ut)
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Al Atkins» frå Wikipedia på engelsk, den 11. september 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Ex-Judas Priest Singer Says Band Could’ve Sounded Like AC/DC If He Stuck Around». Ultimateclassicrock.com. Henta 10. september 2016.
Bakgrunnsstoff
- Offisiell nettstad
- atkinsmayproject.com Arkivert 2016-08-18 ved Wayback Machine.