Alan Charles Lancaster (fødd 7. februar1949) er ein engelsk bassist, mest kjend for å ha vore med å skipe det engelskerockebandetStatus Quo. I tilegg til å skrive songar for bandet, var han ein av solovokalistane og song på songar som «Backwater», «Bye Bye Johnny», «High Flyer» og «Roadhouse Blues».
Alan Lancaster skipa gruppa i 1962 i lag med skulevenen Francis Rossi. Den siste konserten hans som fullverdig medlem av bandet var på Wembley Stadium den 13. juli 1985 for opninga av Live Aid. I mars 2013 vart han gjenforeint med bandet då dei spelte ei rekkje konsertar i Storbritannia.