Aleksander II av Russland
Aleksander II (17. april 1818–13. mars 1881) var tsar av Russland frå 1855 til 1881.
Aleksander II var fødd i Moskva som son av Nikolai I av Russland og Charlotte, dotter av kong Fredrik Vilhelm III av Preussen. Han var far til Aleksander III av Russland.
I regjeringstida hans vart det satsa på bygging av jernbaner og anna infrastruktur, for å binda saman det store Tsar-Russland. Riket vart òg utvida innover Asia. Den transsibirske jernbanen vart ført heilt fram til Vladivostok. Alaska vart seld i 1867 til USA.
Det vart innført nokre reformer innan landbruket, med oppheving av liveigenskapen. Bøndene kunne såleis reisa og flytta meir fritt, og mange flytta inn til byar for å ta arbeid innan industri. Trass i nokre reformer, auka misnøya mellom fleire grupper, og nokre byrja å arbeida for ein revolusjon. Som symbol på det gamle samfunnet, stod tsaren utsett til. Han vart forsøkt drepen i 1879 og 1880 og vart til slutt teke livet av i St. Petersburg i 1881.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Aleksander II av Russland» frå Wikipedia på bokmål, og «Aleksander II av Ryssland» frå Wikipedia på svensk den 7. august 2007.