Aleksander

Aleksander den store spreidde namnet sitt til store delar av verda. Her er namnet skrive fonetisk i egyptiske hieroglyfar, A-l-ka(k)-s-i(a)-n-d(t)-r-s.

Aleksander eller Alexander er eit mannsnamn som stammar frå gresk aleksandros (Αλέξανδρος) av aleksis (αλέξις), 'verje, hjelpe' og andros (ανδρος) 'mann, menneske'.

Namnet er bruka over heile den vestlege verda i variantar som Alessandro på italiensk, Alejandro på spansk, Alexandre på fransk og Александр på russisk. I den muslimske verda er namnet blitt til Iskander. Kortformer av namnet er Alek, Alex og Sander.

I Noreg var det ved folketeljinga i 1801 vel 120 som vart innskrivne som Aleksander i ei eller anna staveform. I 1900 var det vel 700. I dag er det om lag 13800 som heiter Aleksander eller Alexander - eit lite fleirtal av dei skriv namnet sitt med X.

I Noreg har Aleksander namnedag 18. mars.

Kjende namneberarar

Pavar

Pave Aleksander IV.

Andre patriarkar

  • Aleksander av Konstantinopel (314–337)
  • Aleksander I av Alexandria (313–328)
  • Aleksander II av Alexandria (702–729)

Keisarar

Kongar

  • Epirus
    • Aleksander I av Epirus (ca. 342 f.Kr.)
    • Aleksander II av Epirus (ca. 272 f.Kr.)
  • Makedonia
    • Aleksander I av Makedonia (498–454 f.Kr.)
    • Aleksander II av Makedonia (370–368 f.Kr.)
    • Aleksander III av Makedonia (Aleksander den store) (336–323 f.Kr.)
    • Aleksander IV av Makedonia (323–310 f.Kr.)
  • Aleksander Balas, konge over Selevkidene i Syria (150–146 f.Kr.)
  • Skottland
  • Aleksander av Serbia (1889–1903)
  • Aleksander I av Jugoslavia (1921–1934)
  • Aleksander av Hellas (1917–1920)
Oppfinnaren Alexander Graham Bell (1847–1922)

Andre kjende personar med namnet

Oppdikta personar

Kjelder