Alvhild

Sjå òg Alf og Alfhild i norrøn mytologi

Alfhild og Alvhild er kvinnenamn av norrønt opphav. Den 3. september har Alvhild norsk namnedag medan Alfhild har svensk. Alvilde og Vilde er avleidde namn.

Dei norrøne namna Alfhildr, Álfhildr og Alhildr er sett saman av alfr, 'alv', og hildr, 'slag, kamp'. I norrøn mytologi opptrer Alfhild som ei kongsdotter helten Alf kan gifta seg med etter å ha overvunne vaktande drakar og Alfhild sjølv.

Bruk

Alfhild var mykje brukt i Noreg først på 1900-talet.

Namneberarar

  • Alfhild Agrell (1849–1923), svensk forfattar
  • Alvhild Hedstein (f. 1966), norsk politikar og direktør i Stiftelsen Miljømerking
  • Alvhild Dvergsdal, norsk professor i nordisk språk
  • Alfhild Dihle, norsk sjukepleiar med doktorgrad
  • Alfhild Nakken, norsk arkivar og forfattar
  • Alfhild Skaardal, kultursjef i Skien

Kjelder