Amuka i Israel

Amuka
עֲמֻקָּה, עמוקה
landsby
Grava i Amuka]]
Land  Israel
Region Øvre Galilea
Distrikt Nord distrikt
Kommune Merom Hagalil
Koordinatar 32°59′51.79″N 35°31′25.82″E
Folketal 152  (2011)[1]
Grunnlagd 1980

Amuka i Israel
32°59′52″ N 35°31′26″ E
Wikimedia Commons: Amuka, Israel

Amuka (עֲמֻקָּה) er ein fellesbusetnad nær Safed i Øvre Galilea nord i Israel. Han høyrer til Merom HaGalil regionale kommune og er kalla opp etter den bibelske byen med same namn, som ein trur låg i dette området.

Samfunnet vart grunnlagt i 1980. Innbyggjarane lever av turisme og frie yrke. Nær samfunnet ligg gravstaden til rabbinaren Jonathan ben Uzziel, som enkelte meiner har spesielle krefter (segulot).

Ruinane av ein stor bygning ligg ovanom gravstaden til Jonathan ben Uzziel. Ruinane ligg aust i dalen der den arabiske landsbyen Ammuqa låg fram til han vart avfolka i 1948. På 1800-talet såg vitskapsmannen Geren «ei stor søyle og mange falne steinar - ruinar av ein gammal struktur, kanskje ei synagoge».

Kjelder

  1. «Locality File». Israel Central Bureau of Statistics. 2011. Arkivert frå originalen (XLS) 23. september 2013. Henta 8. mars 2015.