Andy Turner
Andy Turner | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 19. september 1980 (44 år) Nottingham |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Samveldeleikane 2010 |
Andrew Steven Malcolm Turner (fødd 19. september 1980), kjend som Andy Turner, er ein engelsk tidlegare friidrettsutøvar som vart europameister på 110 meter hekk i 2010 og fekk bronse i øvinga både ved EM 2006 og VM 2011.
Aktiv
I mars 2006 kom Turner på tredjeplassen på korthekken under samveldeleikane i Melbourne, same plassen kom han på ved europameisterskapen i Göteborg i august. To månader føre Göteborg-EM sette han personbeste med 13,38 sekund i eit stemne i Kassel. I forsøksløpet under Friidretts-EM 2007 i Osaka sette Turner personleg rekord med 13,27 sekund, men rauk ut or tevlinga i semifinalane etter eit løp på 13,38.
År 2010 vann Turner gullmedaljen på 110 meter hekk både ved europameisterskapen i Barcelona, og under samveldeleikane i New Delhi. I Barcelona gjorde han årsbeste med tida 13,28. Den 30. juni 2011 sette Turner livsrekord på 110 meter hekk med 13,22 sekund ved eit DL-stemne i Lausanne. Seinare i 2011-sesongen kneip han bronsemedaljen under verdsmeisterskapen i Dageu, på same moderate tid som fjerdemann i løpet, David Oliver frå USA.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
- OL 2004 i Aten: Utslått i forsøket (13,75=nr 36)
- EM 2006 i Göteborg: Bronsemedalje – 13,52
- VM 2007 i Osaka: Utslått i semifinalane (13,38=nr 11)
- OL 2008 i Beijing: Utslått i kvartfinalane (13,53=nr 17)
- VM 2009 i Berlin: Utslått i forsøket (13,73=nr 32)
- EM 2010 i Barcelona: Gullmedalje – 13,28, framom Garfield Darien (13,34)
- VM 2011 i Daegu: Bronsemedalje – 13,44
- OL 2012 i London: Utslått i semifinalane (13,42=nr 13)
- EM 2014 i Zürich: Utslått i semifinalane (13,58=nr 14)
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Andy Turner (hurdler)» frå Wikipedia på engelsk, den 28. mai 2020.