Anne

Bilete og namnetrekket til den amerikanske forfattaren og sosietetskvinna Anne Lynch Botta.

Anne er eit kvinnenamn, opphavleg ei fransk utgåve av Anna. Namnet kjem frå det hebraiske ordet channah, som tyder 'gunst' eller 'nåde'. Namnet har lenge vore utbreidd i ei rekkje kristne land, mellom anna i Noreg. Anne kan uttalast med to stavingar, noko som er vanleg på norsk ([an:ɘ]), eller med ein som i Ann, noko ein finn i fransk ([an]) og engelsk ([an] eller [æn]).

Anne har namnedag den 26. juli, saman med Anna og Ane. Andre variantar av namnet er diminutivsformene Annette, Annie, Anine og Anja. Det er vanleg å bruka Anne i namnesamansetjingar, som Annelise eller Anne Marie. Ein finn det også sist i namn, som Marianne og Karianne.

Anne har vore brukt av fleire helgenar og kongelege. Den best kjende bruken gjeld Anna av Jerusalem, som etter tradisjonen var mor til Jomfru Maria. På engelsk og fransk er ho kjend som Saint(e) Anne, og har ei rekkje kyrkjer vigd til seg.

Bruk

Anne var klart det mest brukte førenamnet for kvinner i Noreg på 1900-talet, med 78 200 brukarar mot 44 600 på andreplassen (Inger). På 1900-talet var det mest brukt i siste halvdel av 1950-talet, då over 5 % av nyfødde jenter kunne få namnet. Også på byrjinga av 2000-talet var Anne det vanlegaste kvinnenamnet. I 2009 var det 64 133 norske kvinner som heitte Anne.

Namneberarar

Dronning Anne av Storbritannia.

Kongelege

  • Anne Neville (1456–1485), Rikard III av Englands dronninggemal 1483–1485
  • Anne de Mowbray (1472–1481), grevinne av Norfolk
  • Anne av Bretagne (1477–1514), dronning av Frankrike 1491–1514
  • Anne Boleyn (ca. 1507–1536), gift med Henrik VIII av England, mor til Elisabeth I
  • Anne av Danmark (1574–1619), dronning av Skottland 1590–1619 og England 1603–1619
  • Anne av Storbritannia (1665–1714), dronning av England, Skottland og Irland 1702–1714
  • Anne-Marie av Danmark (f. 1946), dronning av Hellas 1964–1974
  • Prinsesse Anne av Storbritannia (f. 1950)

Andre

  • Anne Pedersdotter (d. 1590), norsk prestekone dømd for trolldom
  • Anne Hutchinson (1591–1643), kolonigrunnleggjar
  • Anne Bradstreet (1612–1672), britisk diktar
  • Anne Dacier (1654–1720), fransk omsetjar
  • Anne Bonny (1697– ca 1720), irsk sjørøvar
  • Anne Catherine Hoof Green (1720–1775), amerikansk grafikar
  • Anne Barnard (1750–1825), britisk forfattar
  • Anne Parrish (1760–1800), amerikansk filantrop
  • Anne Newport Royall (1769–1854), amerikansk journalist
  • Anne Haavie (1809-1888), norsk komponist
  • Anne Brontë (1820–1849), britisk diktar
  • Anne Grimdalen (1899–1961), norsk bilethoggar
  • Anne Revere (1903-1990), amerikansk skodespelar
  • Anne-Marie Ørbeck (1911-1996), norsk komponist
  • Anne Brown (1912-2009), norsk-amerikansk operasongar
  • Anne Hébert (1916–1999), fransk-kanadisk forfattar
  • Anne Stine Ingstad (1918–1997), norsk arkeolog
  • Anne-Cath. Vestly (1920—2008), norsk forfattar og skodespelar
  • Anne Baxter (1923–1985)|| amerikansk skodespelar
  • Anne Johanne Kvale (f. 1924), norsk journalist og politikar
  • Anne Gullestad (1925-1998), norsk teatersjef
  • Anne Sexton (1928–1974), amerikansk diktar
  • Anne Frank (1929–1945), tysk-jødisk jente kjend for si dagbok frå Amsterdam under okkupasjonen
  • Anne Bancroft (1931–2005), amerikansk skodespelar
  • Anne Vik (f. 1933), norsk politikar (Sp)
  • Anne Roiphe (f. 1935), amerikansk forfattar
  • Anne Karin Elstad (f. 1938), norsk forfattar
  • Anne Moody (f. 1940), amerikansk aktivist
  • Anne Rice (f. 1941), amerikansk forfattar kjent for sine vampyr-bøker
  • Anne Tyler (f. 1941), amerikansk forfattar
  • Anne Marie Ottersen (f. 1945), norsk skodespelar
  • Anne Marit Jacobsen (f. 1946), norsk skodespelar
  • Anne-Grete Strøm-Erichsen (f. 1949), norsk forsvarsminister
  • Anne Enger Lahnstein (f. 1949), norsk politikar
  • Anne Grosvold (f. 1950), norsk journalist og programleiar i NRK
  • Anne Margrethe Larsen (f. 1950), norsk politikar (V)
  • Anne-Karine Strøm (f. 1951), norsk songar og Eurovision-deltakar
  • Anne-Lise Bakken (f. 1952), norsk stortingspolitikar
  • Anne Mulcahy (f. 1952), amerikansk forretningskvinne
  • Anne Aanerud (f. 1952), norsk kunstnar
  • Anne-Marie David (f. 1952), fransk Eurovision-vinnar
  • Anne Karin Torheim (f. 1953), norsk forfattar
  • Anne Bøe (f. 1956), norsk lyrikar
  • Anne Kristin Sydnes (f. 1956), norsk statsråd (Ap)
Skiskyttaren Anne Ingstadbjørg
Foto: Jarle Vines

Oppdikta personar

  • Anne Knutsdotter i visa «Eg heiter Anne Knutsdotter» dikta av Claus Pavels Riis i 1869.
  • Fante-Anne er hovudpersonen i den norske filmen av same namn fra 1920
  • Anne Shirley er hovudperson i bøkene om «Anne fra Bjørkely» som òg er blitt filmatiserte.

Kjelder