Aplanatisk linsesystem
Eit aplanatisk linsesystem er eit linsesystem som er korrigert for både sfærisk aberrasjon og koma. Det første aplanatiske linsesystemet vart konstruert i 1866 av den tyske fysikaren Carl August von Steinheil. Det bestod av to akromatiske linser med ein blendar imellom.
Kjelder
- aplanatisk linsesystem. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/aplanatisk linsesystem