Armand Duplantis
Armand Duplantis | |
Statsborgarskap | USA, Sverige |
Fødd | 10. november 1999 (24 år) Lafayette |
Idrett | friidrett |
Tok del i |
U20-VM i friidrett 2018, EM i friidrett 2018, VM i friidrett 2019, Friidrett under Sommar-OL i 2021, Friidrett under Sommer-OL 2020 – Stavsprang menn, VM i friidrett innendørs 2022 – Stavsprang menn, VM i friidrett 2022 – Stavsprang menn, VM i friidrett 2023 – Stavsprang menn |
Armand Gustav Duplantis (fødd 10. november 1999) er ein svensk-amerikansk stavhoppar frå Lafayette i delstaten Louisiana i USA som representerer Sverige. Han vart i 2018 europameister i og 2021 olympisk meister i øvinga. Sidan 2020 er han verdsrekordhaldar i stavhopp, tok seg over 6,20 meter i Beograd den 21. mars 2022.
Aktiv
Duplantis hoppa seg opp i verdseliten i løpet av 2017-sesongen, sette som best juniorverdsrekord med 5,90 meter. Midt i juli 2018 gjekk han til topps i junior-verdsmeisterskapen i Tampere med 5,82 m. Fire veker seinare vann han gullmedaljen i Friidretts-EM, forbetra samstundes juniorverdsrekorden til 6,05 m. Under verdsmeisterskapen 2019 i Doha tok han seg over 5,97 m i tredje og siste forsøk og fekk sølv, Sam Kendricks frå USA vann tevlinga då han klarte same høgda i eit tidlegare forsøk.
8. februar 2020 sette Duplantis innandørs verdsrekord i polske Toruń. Ei veke seinare heva han rekorden med ein centimeter til 6,18 meter i Glasgow. 17. september 2020 flytta han den 26 år gamle utandørsrekorden til Serhij Bubka med ein cm til 6,15 m då han vann eit DL-stemne i Roma. Under dei olympiske leikane i 2021 sigra Duplantis ved å å gå over 6,02 m.
Duplantis flytta verdsrekorden til 6,19 m den 7. mars og til 6,20 meter fjorten dagar seinare. Begge desse tevlingane fann stad i Beograd, den siste førte han til topps i hall-VM.
Medaljar og plasseringar i internasjonale utandørs-meisterskap
- VM 2017 i London: Nr 9 – 5,50 m
- EM 2018 i Berlin: Gullmedalje – 6,05 m, framom Timor Morgunov (6,00 m)
- VM 2019 i Doha: Sølvmedalje – 5,97 m, bakom Sam Kendricks (5,97 m)
- OL i 2021 i Tokyo: Gullmedalje – 6,03 m, framom Christopher Nilsen (5,97 m)
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Armand Duplantis» frå Wikipedia på engelsk, den 11. juni 2022.
Bakgrunnsstoff
- «Mondo Duplantis» (på engelsk). Olympedia. Henta 4. mars 2023.