Arne Lindtner Næss

Arne Lindtner Næss
Fødd19. desember 1944 (80 år)
FødestadBergen
Verka somskodespelar, filmregissør, manusforfattar, filmskodespelar, TV-produsent, fjernsynsskodespelar
MorRandi Lindtner Næss
BornPeder Hamdahl Næss

Arne Birger Lindtner Næss (fødd 19. desember 1944) er ein norsk filmskodespelar, -regissør, -produsent og manusforfattar.

Karriere

Arne Lindtner Næss er utdanna skodespelar og filmdebuterte allereie i 1969 i Brent jord. Han har opptrådt på nær alle teater i Noreg, og er framleis aktiv. I moderne tid er han kanskje mest kjend ifrå dramaseriane Familiesagaen De syv søstre og Venner og fiender på TV 2.

Frå 1985 tok han til å også regissera, produsera og skriva manus for filmar, noko det også må seiast han har lukkast med. I desse jobbane har han vorte særleg kjend for regisseringa av filmane om Olsenbanden junior, samt familiefilmen Venner for livet frå 2005. Arne Lindtner Næss vann Amandaprisen for 2005 i klassen Beste barne- og ungdomsfilm med Venner for livet.

Dei siste prosjekta til Lindtner Næss er filmen Blåfjell 2 - Jakten på det magiske horn samt den komande fjernsynsserien Esefo-kidza.

Arne Lindtner Næss er far til filmregissøren Peder Hamdahl Næss.

Filmografi

  • 2011: Blåfjell 2 - Jakten på det magiske horn (film, regi)
  • 2010: Olsenbanden jr. Mestertyvens skatt (film, regi)
  • 2008: S.O.S. Svartskjær (film, regi)
  • 2007: Olsenbanden jr. Sølvgruvens hemmelighet (film, regi og manus)
  • 2006: Olsenbanden jr. på Cirkus (film, regi)
  • 2004: Olsenbanden jr. på rocker'n (film, regi og manus)
  • 2004: Det gode selskap (film, regi, manus og produksjon)
  • 2003: Olsenbanden jr. går under vann (film, regi og manus)
  • 2002: Far og sønn (fjernsynsserie, regi)
  • 2001: Olsenbandens første kupp (fjernsynsserie, regi og produksjon)
  • 2001: Fox Grønland (fjernsynsserie, manus)
  • 2000: Vazelina Hjulkalender (fjernsynsserie, regi og produksjon)
  • 1998: Venner og fiender (fjernsynsserie, skodespelar og manus)
  • 1998: Hotel Cæsar (fjernsynsserie, regi og manus)
  • 1996: Familiesagaen De syv søstre (fjernsynsserie, skodespelar og manus)
  • 1996: Fjernsynsserien Offshore (skodespelar)
  • 1994: Fjernsynsserien Vestavind (skodespelar)
  • 1984: Snart 17 (film, skodespelar)
  • 1982: Olsenbandens aller siste kupp (film, skodespelar)
  • 1981: Liten Ida (film, skodespelar)
  • 1978: Kvinnene (film, skodespelar)
  • 1973: Kanarifuglen (film, skodespelar)
  • 1972: Lukket avdeling (film, skodespelar)
  • 1969: Brent jord (film, skodespelar)

Kjelder

Bakgrunnsstoff