Asymptomatisk

Lungekontusjon som følgje av fysisk traume er døme på ein tilstand som ofte er asymptomatisk. Halvparten av pasientar visar ingen teikn, og det kan ta tid før symptoma utviklar seg. CT-bilete visar lungekontusjon (raud pil) og ribbeinsbrot (lilla pil).

I medisin kan sjukdommar kallast asymptomatiske viss beraren av ein sjukdom eller infeksjon ikkje merkar symptom. Ein tilstand kan reknast for å vere asymptomatisk viss dei vanlege symptoma ikkje oppstår. Asymptomatiske infeksjon blir òg kalla subkliniske infeksjonar.

Det er viktig å veta at ein tilstand er asymptomatisk fordi:

  • den kan utvikle symptom på eit seinare tidspunkt og difor vil krevje vaktsam venting eller tidleg behandling
  • den kan løyse seg sjølv eller verte godarta
  • personen kan trenge behandling for å unngå påfølgande utvikling av til dømes høgt blodtrykk eller høgt kolesterol[1]
  • asymptomatisk hypotyreose kan gjere pasienten sårbar for Wernicke-Korsakoffs syndrom eller beriberi etter intravenøs behandling med glukose[2]
  • pasienten kan vere infeksiøs og uvetande spreie infeksjonen til andre

Eit døme på ein asymptomatisk sjukdom er infeksjon av cytomegalovirus (CMV), som høyrer til herpesvirus. Ein reknar med at 1 % av alle nyfødde er infiserte med CMV, men storparten av infeksjonane er asymptomatiske.[3]

Asymptomatiske sjukdommar

Dette er ei liste over sjukdommar som ofte kan vere asymptomatiske.

  • Alkaptonuri
  • Aortastenose
  • Atrieflimmer
  • Balanitis xerotica obliterans
  • Benign lymfoepitelial lesjon
  • Carotisdisseksjon
  • Covid-19[4]
  • Kavernøst hemangiom
  • Myeloid sarkom
  • Kronisk myelogen leukemi
  • Cøliaki
  • Iskemisk hjartesjukdom
  • Diabetisk retinopati
  • Primær fruktosuri
  • Glioblastoma multiforme
  • Glukose-6-fosfat-dehydrogenase-mangel
  • Arveleg elliptocytose
  • Heterofori
  • Høgt blodtrykk (hypertensjon)
  • Histidinemi
  • Hyperaldosteronisme
  • Høgt kolesterol (hyperlipidemi)
  • Hyperprolinemi
  • Hypotyreose
  • Idiopatisk trombocytopenisk purpura
  • Irisdialyse
  • Lesch–Nyhans syndrom
  • Levotransposisjon av aorta
  • Meckels divertikkel
  • Mitralprolaps
  • Monoklonal B-cellelymfocytose
  • Myelolipom
  • Papilleekskavasjon
  • Pes cavus
  • Preeklampsi
  • Prehypertensjon
  • Protrusio acetabuli
  • Renal tubulær acidose
  • Spermatocele
  • Kilebeinsvingemeningiom
  • Spider nevus
  • Miltinfarkt
  • Subaraknoidalbløding
  • Tonsillolitt
  • Diabetes mellitus type 2
  • Vaginal intraepitelial neoplasi
  • Wilsons sjukdom




Sjå òg

Kjelder

  1. Tattersall, R (2001). «Diseases the doctor (or autoanalyser) says you have got». Clinical Medicine (London) 1 (3): 230–3. 
  2. Watson, A. J.; Walker, J. F.; Tomkin, G. H.; Finn, M. M.; Keogh, J. A. (1981). «Acute Wernickes encephalopathy precipitated by glucose loading». Irish journal of medical science 150 (10), s. 301–303
  3. Vinson, B. (2012). Language Disorders Across the Lifespan. p. 94. Clifton Park, NY: Delmar
  4. Day, Michael (23. mars 2020). «Covid-19: identifying and isolating asymptomatic people helped eliminate virus in Italian village». BMJ (på engelsk) 368. ISSN 1756-1833. PMID 32205334. doi:10.1136/bmj.m1165.