Bøkeslekta

Bøkeslekta
Bøkeskog
Bøkeskog
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Bøkeordenen Fagales
Familie: Fagaceae
Underfamilie: Fagoideae
Slekt: Bøkeslekta Fagus
L., 1753

Bøkeslekta (Fagus) er ei planteslekt av lauvtre i bøkefamilien. Det finst ti artar i slekta, og av desse veks vanleg bøk (Fagus sylvatica) naturleg nokre få stader i Sør-Noreg. Elles vert fleire former av bøk brukt i parkar.

Skildring

Blada er lêraktige og ovale med mørkegrøn overside. Dei kan ha takka eller glatte kantar. Blad og frø inneheld alkaloidet fagain.

Bøk kan danna vidstrekte skogar med tre på opptil 40 meter. Vanleg bøk kan bli 2–400 år gammal.

Bruk

Bøk gjev eit tungt trevyrke som gjerne søkk i vatnet. Treet er verdifullt og blir særleg brukt til å laga parkett og møblar, men òg til ispinnar og kjøkenreiskapar.

Namnet på treslaget, «bøk» eller «bok», er nært i slekt med bok, og har truleg opphavleg vist til ei plate av bøketre der ein rissa inn runeteikn.

Artar

  • Fagus crenata
  • Fagus engleriana
  • Fagus grandifolia
  • Fagus hayatae
  • Fagus japonica
  • Fagus longipetiolata
  • Fagus lucida
  • Fagus mexicana
  • Fagus orientalis
  • Vanleg bøk (Fagus sylvatica)

Kjelder

Bakgrunnsstoff