Bad Saulgau

Bad Saulgau
by
Land  Tyskland
Stat Baden-Württemberg
Areal 97,33 km²
Folketal 17 702 (31. desember 2022)

Bad Saulgau
48°0′57″ N 9°30′4″ E
Wikimedia Commons: Bad Saulgau

Bad Saulgau er ein by og ein kommune søraust i forbundslandet Baden-Württemberg i Tyskland. Kommunen omfattar 97,3 km² og i underkant av 18 000 ibuarar. To av tre bur i byen, resten er fordelt på 13 landsbyar og grender. Byen ligg 587 meter over havet, 27 km nord om Ravensburg.

Bad Saulgau fekk kjøpstads-privilegium i 1239 av den tysk-romerske keisaren.

Vasskiljet mellom Rhinen og Donau er ved landsbyen Lapertweiler aust i kommunen. Vatnet som renn mot sørvest renn mot Rhinen, vatn som renn nordover hamnar i Donau.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Bad Saulgau