Bad Homburg

Bad Homburg
by
Våpenskjold
Motto: Champagnerluft und Tradition – «Sjampanjeluft og tradisjon»
Land  Tyskland
Stat Hessen
Region Darmstadt
Landkreis Hochtaunuskreis
Høgd 137–250 m
Areal 51,14 km²
Folketal 55 995 (31. desember 2023)
Postnummer 61348-61352
Retningsnummer 06172
Bilnummer HG, USI

Bad Homburg
50°13′45″N 8°36′38″E / 50.229236111111°N 8.6104861111111°E / 50.229236111111; 8.6104861111111
Wikimedia Commons: Bad Homburg vor der Höhe

Bad Homburg eller Bad Homburg vor der Höhe er ein by i Tyskland i delstaten Hessen med om lag 55 000 innbyggjarar. Byen ligg på den sørlege fjellsida av Taunus og grensar til Frankfurt og Oberursel.

Byen er mest kjend for det medisinske mineralvatnet og kurbada (derfor Bad i namnet) og for kasinoet.

I dag er Bad Homburg igjen ein av dei rikaste byane i Tyskland, mykje på grunna av nærleiken til Frankfurt, og mange direktørar og tilsette i bankane i Frankfurt bur i Bad Homburg.

Historie

Byen vart grunnlagd rundt 1180 og fekk byrettar rundt 1330.

Fredrik I av Hessen-Homburg grunnla landgrevskapet Hessen-Homburg, og Fredrik II (1680–1708) vart kjend som Fyrste av Homburg. Etter den austerriksk-prøyssiske krigen i 1866 vart byen ein del av Preussen. Då kurbadet og kasinoet opna på midten av 1800-talet vart byen ein internasjonalt kjend kurstad, særleg for russiske adelsfolk.

Spaindustrien byrja då ein oppdaga Elisabethenbrunnen i 1834. Den første bygningen tilknytt badet og det første kasinoet vart bygd i 1841-1842 av brørne François (1806–1877) og Louis Blanc (1806–1852), som seinare tok over kasinoet i Monte Carlo. I 1860 fekk byen jernbanesamband med Frankfurt am Main.

I 1888 vart Bad Homburg kjend gjennom heile Det tyske keisarriket då keisar Vilhelm II erklærte slottet i Bad Homburg som sin sommarresidens.

Erloeserkirche i Bad Homburg.

Kurbadet gjekk dårleg i krigsåra, men tok seg kraftig opp att i etterkrigstida og gjennom siste halvdelen av 1900-talet var byen ein populær feriestad for rikfolk. 30. november 1989 vart Alfred Herrhausen, direktør for Deutsche Bank, drepen av ei bilbombe i Bad Homburg. Det vart hevda at dette var eit åtak frå Rote Armee Fraktion, men dette vart aldri avklart.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Bad Homburg