Bajdukov
Bajdukov | |||
øy | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Bajdukov 53°20′01″N 141°23′53″E / 53.333611111111°N 141.39805555556°E |
Bajdukov (russisk Остров Байдуков - Ostrov Bajdukov), tidlegare Langr eller Bolsjoj Langr, er ei øy sør i Okhotskhavet i Russland. Ho ligg søraust for øya Tsjkalov, utanfor Stsjastjabukta nær nordvestsida av øya Sakhalin.
Bajdukov er 12 km lang og opp mot 3 km brei i nordvest.
Øya er eit av få område der nordstarik vert rekna som vanleg.
Administrativt høyrer øya til Khabarovsk kraj.
Historie
Øya er kalla opp etter den sovjetiske piloten Georgij Bajdukov som var kopilot på Antonov ANT-25-flyet som 20. juli 1936 flaug frå Moskva og over Frans Josefs land, Severnaja Zemlja, Petropavlovsk-Kamtsjatskij og Khabarovsk. Flyet landa 56 timar og 20 minutt seinare på øya Udd etter å ha reist 9374 km. Denne direkte flyturen vart kalla «Stalinruta» etter Josef Stalin.[1]
Nærliggande øyar
- Beljakov (Ostrov Beljakova) 53°14′N 141°25′E / 53.233°N 141.417°E ligg 11 km sør for Bajdukov. Ho er 0,7 km lang og om lag 500 meter brei. Den vesle øya vart kalla opp etter den sovjetiske løyntnanten Aleksander V. Beljakov som var navigatør på rekordflyturen til ANT-25.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Baydukov Island» frå Wikipedia på engelsk, den 14. juli 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Fotnotar
- ↑ Historie, arkivert frå originalen 22. juli 2011, henta 14. juli 2008