Bamble prosti

Kragerø kyrkje
Foto: Sean Hayford O'Leary
Bamble kyrkje
Foto: Trond Strandsberg
Sannidal kyrkje
Foto: Trond Strandsberg
Drangedal kyrkje
Foto: Hallvard Straume
Kroken kyrkje
Foto: Trond Strandsberg

Bamble prosti er eit tenestedistrikt i Agder og Telemark bispedømme i Den norske kyrkja. Prosten har sete i Kragerø. I geografisk utstrekking svarar prostiet til kommunane Bamble, Drangedal og Kragerø.

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eit eller fleire sokn. Fram til 2004 var prestetenesta lokalt organisert i prestegjeld.

Sokn i Bamble prosti

Kragerø kommune

  • Tidlegare Kragerø prestegjeld
    • Kragerø sokn
    • Levangsheia sokn
    • Skåtøy sokn
  • Tidlegare Sannidal prestegjeld
    • Sannidal sokn

Bamble kommune

  • Tidlegare Bamble prestegjeld
    • Bamble sokn
    • Herre sokn
    • Stathelle sokn
  • Tidlegare Langesund prestegjeld
    • Langesund sokn

Drangedal kommune

  • Tidlegare Drangedal prestegjeld
    • Drangedal sokn
    • Kroken sokn
    • Tørdal sokn

Sjå òg

Bakgrunnsstoff