Baugspryd
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/0c/Falls_of_Clyde_bowsprit.jpg/220px-Falls_of_Clyde_bowsprit.jpg)
Baugspryd er eit solid dimensjonert rundholt som går ut over forstamna på seglskip. Baugsprydet vert fest til stemn og skrog og er oftast laga i same material som skroget (tre/stål). På større skip og båtar med stor seglføring kan baugsprydet forlengast med ein klyverbom.
Baugsprydet vert stiva av med baugstag og vaterstag.
Stagsegl vert plassert mellom masta (stormast/fokkemast) og baugsprydet og ein eventuell klyverbom.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Baugspryd» frå Wikipedia på bokmål, den 27. juni 2020.