Bija

Bija
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 37 000 km²
Lengd 301 km
Middelvassføring 477 /s
Kjelde Teletskojesjøen
Munning Ob

Bija
51°47′10″N 87°14′46″E / 51.786°N 87.246°E / 51.786; 87.246
Wikimedia Commons: Biya River

Bija (russisk Бия) er ei elv i Republikken Altaj og Altaj kraj i Russland og ei av sideelvane til Ob. Ho spring ut frå Teletskojesjøen og har ei lengd på 301 km. Nedslagsfeltet hennar er på 37 000 km².

Elva vert nytta av turistar for rafting og i den øvre delen av elva er det fleire stryk. Delen av elva frå Teletskoje til ho møter Sarykoksja er klårt og kaldt.

Store sideelvar

  • Pyzja — frå venstre
  • Sarykoksja — frå venstre.
  • Lebed — frå høgre

Busetnader

Byen Bijsk ligg ved Bija.

Der elva renn ut frå Teletskjoe ligg landsbyane Artybasj og Iogatsj. Iogatsj er eit senter for skogsdrift og eit turistmål i området. Lenger nede i elva finn ein Verkh-Bijsk og Turotsjak.

Kjelder

Bakgrunnsstoff