Birkenes kommune

Birkenes kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Agder
Adm.senter Birkeland
Areal 637,36 km²
 •  land 599,14 km²
 •  vatn 38,22 km²
Folketal 5 413  (1. januar 2025)
Målform nøytral
Ordførar Gyro Heia (Sp)
Kommunenr. 4216

Birkenes
58°26′58″N 8°14′00″E / 58.449444444444°N 8.2333333333333°E / 58.449444444444; 8.2333333333333
Kart som viser Birkenes kommune.
Kart som viser Birkenes kommune.
Kart som viser Birkenes kommune.
Wikimedia Commons: Birkenes
Nettstad: www.birkenes.kommune.no

Birkenes er ein kommune i Agder fylke. Birkenes kommune i noverande form kom til i 1967 då kommunane Birkenes, Herefoss og Vegusdal vart slegne saman.

Kommunen grensar til Kristiansand, Vennesla, Iveland, Evje og Hornnes, Åmli. Froland, Grimstad og Lillesand. Sørlandsbanen går gjennom kommunen over ei strekning på 40 kilometer, mellom anna forbi Herefoss stasjon.

Frå utkikkspunktet Liraasen mellom Steinsland og Rosseleand kan ein sjå ned til havet ved Kristiansand på klare dagar. I tillegg kan ein sjå byen Kristiansand, Danskebåten, fyrtårn, fly som lettar, med meir. Punktet har over 2 mils utkikk i luftlinje.

Bakgrunnsstoff

Sørlandsk skogsterreng ved Topdalsheia i Birkenes kommune.
Foto: Karl Ragnar Gjertsen
Tovdalselva renn gjennom Birkenes og vert kryssa av ei rekkje bruer. Slettene bru frå 1909 var den første vegbrua i kommunen.
Foto: Karl Ragnar Gjertsen

58°20′5.3″N 8°13′57.7″E / 58.334806°N 8.232694°E / 58.334806; 8.232694