Blue Moon of Kentucky

Blue Moon of Kentucky
Song av Bill Monroe and The Blue Grass Boys
Språk engelsk
Utgjeve September 1947
Sjanger Bluegrass
Lengd 3:01
Selskap Columbia
Komponist Bill Monroe
Tekstforfattar Bill Monroe
Låtskrivar(ar) Bill Monroe

«Blue Moon of Kentucky» er ein vals skriven i 1946 av bluegrass-musikaren Bill Monroe og spelt inn av bandet hans, The Blue Grass Boys. Songe har sidan blitt spelt inn av mange andre artistar, mellom andre Elvis Presley. I 2003 vart songen innlemma i United States Library of Congress National Recording Registry.

Historie

«Blue Moon» er den offisielle bluegrassongen til Kentucky. I 2002 vart Monroe-versjonen ein av 50 innspelingar Library of Congress valde ut det året for National Recording Registry. I 2003 rangerte CMT «Blue Moon» på 11. plassen på lista si over dei 100 beste countrysongane.

Bill Monroe skreiv songen i 1946 og spelte han inn for Columbia Records den 16. september. Songen kom ut tidleg i 1947.[1] På den tida bestod The Bluegrass Boys av vokalisten og gitaristen Lester Flatt og banjoisten Earl Scruggs, som seinare danna sitt eige bluegrass-band, Foggy Mountain Boys. Både Flatt og Scruggs spelte på innspelinga, medan Bill Monroe song.

Songen er skildra som ein «bluegrass-vals» og vart ein stor hit i USA i 1947[2] og vart òg populær med andre bluegrass-, country- og tidlege rockabilly-artistar. Songen vart mykje framført på Grand Ole Opry og andre stader.[2] Carl Perkins spelte ein raskare versjon av songen under dei tidlege konsertane sine.

Elvis Presley

Blue Moon of Kentucky
Singel av Elvis Presley
B-side

«That's All Right»

Språk engelsk
Utgjeve 19. juli 1954
Innspelt 7. juli 1954
Sjanger Rockabilly
Lengd 1:57
Selskap Sun (original)

RCA Victor (nyutgjeving)

Komponist Bill Monroe
Tekstforfattar Bill Monroe
Låtskrivar(ar) Bill Monroe
Produsent Sam Phillips
Elvis Presley-kronologi 
Blue Moon of Kentucky «Good Rockin' Tonight»
(1955)


Songen vart gjeven ut som B-sida til den aller første Elvis Presley-singelen, «That's All Right»[3]Sun Records i juli 1954. Dei hadde leita etter ein song å plassere B-sida og valde «Blue Moon of Kentucky» via Bill Black. Scotty Moore fortalte: «Me visste alle at me trengde ein song til... og det verka håplaust ei stund. Bill kom då med 'Blue Moon of Kentucky'...Me tok ein pause og han byrja å hamre på bassen sin og song 'Blue Moon of Kentucky', og etterlikna Bill Monroe med den høge falsettstemma si. Elvis slengde seg med og byrja å spele og syngje i lag med.»[4]}

Presley, Moore og Black vart oppmuntra av Sam Phillips, og omgjorde den langsame valsen til Monroe, i 3/4-takt, til ein kjapp, bluesaktig song i 4/4-takt.

Etter ei tidleg utgåve av songen skal Sun Records-eigaren Phillips ha ropt ut «BOY, that's fine, that's fine. That's a POP song now!.»[5] Som med alle dei tidlege Presley-singlane på Sun, the artists were listed and stylized as «ELVIS PRESLEY SCOTTY and BILL».[6]

Andre innspelingar

I 1954 spelte The Stanley Brothers inn ein versjon av songen med Presley sitt 4/4-arrangement og bluegrassinstrument. Bill Monroe sppelte sidan inn songen i ei blanding av dei to stilartane, og byrja i den originale 3/4-takten før han spelte han i ein livleg 4/4-takt.

  • Elvis Presley i 19. juli, 1954
  • The Stanley Brothers and The Clinch Mountain Boys i 1954
  • Roberta Sherwood i 1958
  • Marty Wilde i 59
  • Rose Maddox i 1962
  • Patsy Cline i 1963
  • George Jones & Melba Montgomery i 1964
  • Johnny Sea 64
  • Wayne and The Whirlwinds i 1964
  • Porter Wagoner i 1965
  • Ray Charles i 65
  • John Hore & Howard Morrison i 1967
  • Maria Dallas i 1967
  • Al Kooper i 1968
  • The Osborne Brothers i 1969
  • Jerry Reed i 1969
  • Jimmy Ellis i 1972
  • Per 'Elvis' Granberg & The New Jordal Swingers i 1973
  • Frank White i 1973
  • Shakin' Stevens and The Sunsets i 1973
  • Danny Davis' Nasvhille Brass i 1974
  • Ian B. MacLeod i 77
  • Bobby Atkins and The Countrymen i 1977
  • Raul Seixas i 1977
  • Whirlwind i 1978
  • Sleepy LaBeef i 1978
  • Teddy & The Tigers i 1978
  • Geraint Watkins & The Dominators i 1979
  • Ral Donner i 1979
  • The Boys from Indiana i 1980
  • Allison Durbin i 1980
  • Larry Donn i 1980
  • John Potter i 1982
  • Jerry Foster i 1982
  • Jerry Williams i 83
  • Suncats i 1987
  • Barry Stanton i 1988
  • Boxcar Willie i 1989
  • Paul McCartney i 1991
  • Rattlesnake Annie i 1991
  • The Blast to the Past i 1991
  • The Devil Dogs i 1992
  • Jim & Jesse and The Virginia Boys i May 1993
  • Blackout i 1993
  • Scott Bakula i 1993
  • Frantic Flintstones i 1993
  • Eriksen i 1994
  • Scotty Moore & D.J. Fontana i 1994
  • Kjell Jørung med Scotty Moore & D.J. Fontana i 1994
  • Mandy Barnett i 1995
  • Finn Nørbygaard & Jette Torp i 1995
  • Ricky Norton i 1996
  • Taggy Tones i 1996
  • Ida i 1997
  • The Beatniks i 97
  • LeAnn Rimes i 1997
  • John Lennon's Original Quarrymen i 1997
  • Jody Reynolds i 1998
  • Sarah Harmer & Jason Euringer i 1999
  • Go Cat Go i 1999
  • Billy Swan i 1999
  • Tommy Scott i 2000
  • John Fogerty i 2000
  • Tom Green i 2000
  • Tom Petty & The Heartbreakers i 2001
  • Rory Gallagher i 2003
  • Scotty Moore & Mark Knopfler i 2005
  • Joey Figgiani i 2005
  • Wanda Jackson i 2006
  • The Living End i 2006
  • Rockin' Rebels i 2006
  • DNX vs. The Voice feat. Kandyce i 2006
  • Reverend Beat-Man i 2007
  • Nigel Lewis with The Tombstone Brawlers i 2007
  • Jerry Hanlon and The Heggarty Twins i 2008
  • The Bobcats i 2009
  • Svenne Hedlund i 2010
  • Conan O'Brien & The Legally Prohibited Band i 2010
  • Robyn Hitchcock i 2010
  • Laurie Lewis i 2011
  • Dale Watson i 2011
  • Stella Parton i 2015
  • Mark Summers i 2016
  • Levon Helm

Kjelder

  1. Sleevenotes to Bill Monroe and his Bluegrass Boys, All the Classic Releases, 1937-1949, CD box set by JSP (2003).
  2. 2,0 2,1 Jerry Naylor and Steve Halliday (2007). The Rockabilly Legends; They Called It Rockabilly Long Before they Called It Rock and Roll. s. 39. ISBN 978-1-4234-2042-2. 
  3. Official legal title of Crudup's (and Elvis's) 'That's All Right'
  4. Ken Burke and Dan Griffin (2006). The Blue Moon Boys - The Story of Elvis Presley's Band. Chicago Review Press. s. 20. ISBN 1-55652-614-8. 
  5. Burke, Griffin, s. 41
  6. «RCS Label Shot for Sun (Tenn.) 209». Rockin' Country Style. 

Bakgrunnsstoff