Boeing 707
Boeing 707 | |
Informasjon | |
---|---|
Type | Passasjerfly |
Produsentnamn | Boeing Commercial Airplanes |
Fyrste flyging | 20. desember 1957 |
Produsert | 1958 – 1991 |
Produserte fly | 1 010 |
Passasjerar | 106 – 219 |
Mannskap | 3 |
Spesifikasjonar | |
Lengd | 44,30 m |
Høgd | 12,7 m |
Vengespenn | 39,88 m |
Vengeareal | 226,3 m² |
Marsjfart | 885 km/t |
Rekkjevidd | 8 000 km |
Boeing 707 | |
– Boeing 727 |
Boeing 707 var det første kommersielle jetflyet til Boeing. Prototypen, med kjælenamnet Dash 80, fauk jomfruturen den 15. juli 1954 som Model 367-80. Flyet vart drive fram med fire Pratt & Whitney JT3 jetmotorar.
Den første kommersielle flyginga vart gjennomført av Pan-Am 26. oktober 1958 med opninga av ei transatlantisk jetrute frå New York til Paris.
Gjennom fleire oppgraderingar, mellom anna ei vidareutvikling av motorane, vart etter kvart rekkevidda til flya lengre. Flyet vart produsert i 1 010 eksemplar fram til 1991.
Modellar
- 707-120 – originalen
- 720 – kortare og lettare versjon, opphavleg rekna som mellomdistanse-fly.
- 707-320 – lenger, raskare og større rekkevidd. Med rekkevidd på cirka 6 000 km med 141 seter, vart dette den første verkelege interkontinentale utgåva av flyet.
Air Force One
Tre spesialbygde 707-120 og to spesialbygde 707-320B vart levert til det amerikanske forsvaret for å fly regjeringsmedlemmar. Dei to sistnemnte vart nytta til å fly presidenten som Air Force One. I 1990 vart alle fem flya erstatta av to spesialbygde Boeing 747.
Spesifikasjonar
707-020 | 707-120B | 707-320B | |
---|---|---|---|
Passasjerar (2. klasse) |
110 | 147 | |
Passasjerar (1. klasse) |
179 | 202 | |
Maks. last | 116 570 kg | 151 320 kg | |
Eigenmasse | 46 785 kg | 55 580 kg | 66 406 kg |
Rekkevidd | 6 820 km | 6 920 km | |
Marsjfart | 1 000 km/t | 972 km/t | |
Lengde | 41,50 m | 44,07 m | 46,61 m |
Vengespenn | 39,90 m | 44,42 m | |
Høgde | 12,66 m | 12,93 m | |
Motorar (4 x) | Pratt & Whitney JT3C-7 | Pratt & Whitney JT3D-1 - 75,6 kN | PW JT3D-3 - 80 kN PW JT3D-7 - 84,4 kN |
Leveringar
1994 | 1993 | 1992 | 1991 | 1990 | 1989 | 1988 | 1987 | 1986 | 1985 | 1984 | 1983 | 1982 |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | 0 | 5 | 14 | 4 | 5 | 0 | 9 | 4 | 3 | 8 | 8 | 8 |
1981 | 1980 | 1979 | 1978 | 1977 | 1976 | 1975 | 1974 | 1973 | 1972 | 1971 | 1970 | 1969 |
2 | 3 | 6 | 13 | 8 | 9 | 7 | 21 | 11 | 4 | 10 | 19 | 59 |
1968 | 1967 | 1966 | 1965 | 1964 | 1963 | 1962 | 1961 | 1960 | 1959 | 1958 | 1957 | 1956 |
111 | 118 | 83 | 61 | 38 | 34 | 68 | 80 | 91 | 77 | 8 | 0 | 0 |
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Boeing 707» frå Wikipedia på bokmål, den 24. april 2010.