Bräcke
Bräcke er ein svensk tettstad i Jämtlands län i Jämtland. Det er administrasjonssenter i Bräcke kommun og i 2006 hadde tettstaden 1 566 innbyggjarar.
Bräcke ligg 70 km søraust for Östersund, heilt inntil Revsundssjön og ved Norra stambanan, som ved Bräcke bøyer av mot nordaust, medan tverrbanen held fram mot Östersund – Storlien. Bräcke er omgjeve av store skogar og innsjøar.
Kommunikasjon
Jernbanen har vore viktig for historia til Bräcke, og det var då jernbanen blei lagt her at samfunnet voks opp. Banen mellom Sundsvall og Trondheim går forbi Bräcke, og fleire tog stoppar her, mellom anna InterCity-toget mellom Storlien/Östersund og Stockholm. E14 går rett gjennom Bräcke. Det er bussamband med Östersund.
Service
Bräcke har politistasjon og brannstasjon. Det er apotek og systembolag. I Folkets hus er det eit bibliotek. Bräcke har òg arbeidsformidlingskontor og forsikringsselskap.
Idrett
I Bräcke er det ishall, ridehall og idrettshall (Gunder Hägg-hallen). På idrettsplassen Björkhaga er det to fotballbanar. Bräcke Polar Bears spelte nokre sesongar i 1. divisjon avdeling nord, men måtte legge ned A-lagsverksemda nokre sesongar på grunn av for dårleg økonomi. Bräcke sitt basketballag spelte på det nest høgaste nivået i Sverige på 1990-talet, dåverande divisjon 1.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Bräcke» frå Wikipedia på bokmål, den 30. juni 2012.