Britney Spears
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/84/Britney_Spears.jpg/250px-Britney_Spears.jpg)
Britney Jean Spears (fødd 2. desember 1981) er ein amerikansk popsongar og dansar fødd i Kentwood i Louisiana. Ho har også erfaring som skodespelar og forfattar, og har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. Britney Spears gifta seg i 2004 med Jason Alexander i Las Vegas, dei vart skilt berre 55 timer seinare. Den 18. september 2004 gifta ho seg med Kevin Federline og vart skilt 7. november 2006 og rakk å få 2 born med han.