Byen Pella
Pella | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Pélla 40°45′36″N 22°31′09″E / 40.76°N 22.519167°E | |||
Wikimedia Commons: Ancient Pella |
Pella (gresk Πέλλα, Pélla) var ein antikk by i Makedonia i Hellas. Ei tid var han hovudstad for oldtidsriket Makedonia. Filip II av Makedonia og sonen hans Aleksander den store blei fødde i byen.
Pella blei raskt den største og rikaste byen i Makedonia, og bløma særleg under regjeringstida til Kassandros og Antigonos II Gonatas. I 168 f.Kr. blei byen herja av romarane under den tredje makedonarkrigen og byrja ein lang nedgansperiode. Thessaloníki i nærleiken blei etterkvart viktigare.
Pella har gitt namn til den moderne landsbyen Pélla, til kommunen med same namn og til periferieininga Pélla.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Pella» frå Wikipedia på engelsk, den 17. april 2024.
