C.L.R. James
C.L.R. James | |
Statsborgarskap | Trinidad og Tobago |
Fødd | 4. januar 1901 Tunapuna |
Død |
31. mai 1989 (88 år) |
Yrke | historikar, journalist, romanforfattar, skribent, fagforeiningsleiar, filosof, aktivist, politisk aktivist, omsetjar |
Politisk parti | Det britiske arbeidarpartiet, Socialist Workers Party |
Ektefelle | Selma James, Constance Webb |
C.L.R. James på Commons |
Cyril Lionel Robert James (4. januar 1901–31. mai 1989)[1] var ein trinidadisk-britisk kommunistisk tenkar, historikar og forfattar. Han var betre kjend som C.L.R. James, og skreiv også under pseudonymet J.R. Johnson. Verka hans har hatt stor påverknad, særleg innan postkolonial litteratur og subaltern-studiar.[2]
James blei fødd på Trinidad og Tobago, som då var del av det britiske imperiet. Han flytta til England i 1932, først til småbyen Nelson i Lancashire og seinare til London. James blei aktiv i den trotskistiske verdsrørsla.
I 1936 gav han ut Minty Alley, den første romanen av ein svart karibiar som kom ut i Storbritannia.[3] Verket hans World Revolution frå 1937 tok for seg historia til den kommunistiske internasjonalen, og vekka debatt blant trotskistar. The Black Jacobins (1938), om den haitiske revolusjonen, er ein grunnleggjande tekst i litteraturen knytt til den afrikanske diasporaen.[4] James var også levande interessert av idrett, og var kjend for å skriva om cricket. Beyond a Boundary frå 1963, ei blanding av cricket-minne og sjølvbiografi,[5] er blitt kalla den beste boka om idrett som nokonsinne er skriven.[6]
Kjelder
- ↑ C. Gerald Fraser, «C. L. R. James, Historian, Critic And Pan-Africanist, Is Dead at 88», The New York Times, 2. juni 1989.
- ↑ Said, Edward, Culture and Imperialism, London: Chatto & Windus, 1993, s. 54.
- ↑ Gabrielle Bellot, "On the First Novel Published By a Black Caribbean Writer in England", The Huffington Post, 19. mai 2016.
- ↑ Segal, Ronald. The Black Diaspora, London: Faber, 1996, s. 275.
- ↑ James, Beyond a Boundary (1963), Preface.
- ↑ Rosengarten: Urbane Revolutionary, s. 134.
- Rosengarten, Frank, Urbane Revolutionary: C. L. R. James and the Struggle for a New Society, University Press of Mississippi, 2007. ISBN 87-7289-096-7
- Denne artikkelen bygger på «C. L. R. James» frå Wikipedia på svensk, og «C.L.R. James» frå Wikipedia på engelsk den 21. april 2019.
Bakgrunnsstoff
- The C.L.R. James Legacy Project - "Every Cook Can Govern: Documenting the life, impact & works of CLR James".
- The C L R James Internet Archive
- C L R James papers at the University of London
- "C. L. R. James: His Life and Work", Urgent Tasks – Number 12 (Summer 1981)
- CLR James Archive at libcom.org
- "A Menu Of Material Concerning The Late C. L. R. James".