Cayenne-elva
Cayenne-elva Rivière de Cayenne | |||
elv | |||
Estuaret til Cayenne-elva ved Cayenne
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Fransk Guyana | ||
Kommune | Cayenne | ||
Lengd | 43,7 km | ||
Cayenne-elva 4°54′51″N 52°20′58″W / 4.9141666666667°N 52.349444444444°W | |||
Wikimedia Commons: Cayenne River |
Cayenne-elva er ei elv i Fransk Guyana i kommunenen med same namn, Cayenne, som også er hovudstaden i Fransk Guyana.
Namn
Innfødde wayanafolk kalla elva Kalani eller Caiane, eit namn det verker som dei brukte om store elver og estuar. Namnet kan også ha vore opphav til namnet Guyana (Guyane).
Løp
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/2c/Map_of_French_Guyana_and_of_the_Island_of_Cayenne_WDL1203.png/220px-Map_of_French_Guyana_and_of_the_Island_of_Cayenne_WDL1203.png)
Cayenne-elva byrjer der Tonnegrande frå nord og Cascades frå sør renn saman, ved byen Tonnegrande. Elva er 43,7 km lang[1] om ein tel frå kjeldene til desse elvene. Elvestykket som ber namnet Cayenne er berre rundt 15 km langt.
Nær munningen, ved byen Cayenne, tek Cayenne imot elva Montsinéry.
Saman med elva Tour de l'île sør for Cayenne og Mahury i aust gjer elva Cayenne til ei øy, kjend som île de Cayenne.[2]
Kjelder
- ↑ «Fiche cours d'eau (43.7)». Service d'administration nationale des données et référentiels sur l'eau (Sandre). Henta 28. juli 2014.
- ↑ «France, le trésor des régions», tresordesregions.mgm.fr, arkivert frå originalen 12. februar 2019, henta 29. august 2019
- Denne artikkelen bygger på «Rivière de Cayenne» frå Wikipedia på fransk, den 29. august 2019.