Clariden
Clariden | |||
Claridenstock | |||
fjell | |||
Clariden from Klausen-passet
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Glarus-Alpane | ||
Høgd | 3 267 moh. | ||
Primærfaktor | 413 m ↓ ↓ Schärhorn | ||
Koordinatar | 46°50′31.5″N 08°52′16.5″E / 46.842083°N 8.871250°E | ||
Førstestiging | Rambert | ||
• dato | 13. august 1863 | ||
Clariden 46°50′31″N 8°52′16″E / 46.841944444444°N 8.8711111111111°E | |||
Wikimedia Commons: Clariden |
Clariden (og Claridenstock) er eit 3 267 m høgt fjell i Glarus-Alpane i Sveits. Fjellet ligg ovanfor Klausenpasset i fjellrekka Gross Schärhorn, Clariden, Bocktschingel, Gemsfairenstock (frå vest mot aust). Denne fjellrekka strekker seg vidare til Tödi i nordvest. I nordleg retning har ein Urnerboden og Klausenpassstrasse. Kantongrensa mellom Glarus og Uri går langs fjellet.
Fjellet vart klive fyrste gongen den 13. august 1863 av Rambert, Streiff og Stüssi.
Clariden kan nåast frå Claridenhütte over Claridenfirn. Ein lengre, ofte brukt turveg går frå Klausenpass over Iswändli til fortoppen av Clariden. Derifrå går turen over ei kvass egg, som er sikra med faste tau, til hovudtoppen.
Clariden er om vinteren eit ynda mål for skigåarar. Særleg på vårparten etter Klausenpass er opna for biltrafikk, er fjellet eit hyppig nytta mål dagsturar på ski.
Frå fjelltoppen har ein storfelt utsyn mot Tödi.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Clariden» frå Wikipedia på tysk, den 18. oktober 2009.