Concerto in «B Goode»
Concerto in B Goode Studioalbum av Chuck Berry | ||
Språk | engelsk | |
Sjanger | Rock and roll | |
Lengd | 34:33 | |
Selskap | Mercury | |
Produsent | Chuck Berry | |
Chuck Berry-kronologi | ||
---|---|---|
From St. Louie to Frisco (1968 |
Concerto in B Goode | Back Home (1970
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Rolling Stone | (positiv)[1] |
Concerto in B Goode er eit studioalbum av Chuck Berry, utgjeve i 1969 av Mercury Records. Tittelsporet er ein lang instrumental som interpolerer mange tema som Chuck Berry spelte i den klassiske perioden frå 1957 til 1962 og tar opp heile B-sida av albumet med ei lengd på kring 18 minuttar. Tittelen referer til den delvis sjølvbiografiske songen «Johnny B. Goode».
Albumet fekk særs god kritikk i Rolling Stone då albumet kom ut i 1969, og det vart skrive at Berry var tilbake i storform: «Meisteren er attende igjen og denne gongen har han kome opp med eit album som verdt ryktet hans.»[2]
Dette var det siste albumet Berry gav ut på Mercury. Året etter var han attende hos Chess Records, der han hadde vore mykje av karrieren sin.
Innhald
Alle spor skrivne av Chuck Berry
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Good Looking Woman» | 2:16 |
2. | «My Woman» | 4:50 |
3. | «It's Too Dark in There» | 3:50 |
4. | «Put Her Down» | 4:57 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
5. | «Concerto in B Goode» | 18:40 |
Medverkande
- Chuck Berry – gitar, vokal
- Kermit Eugene Cooley – bassgitar
- Dale Gischer – trommer
- Billy Peek – gitar, munnspel, klaverinstrument, tamburin
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Concerto in "B Goode"» frå Wikipedia på engelsk, den 7. juli 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Bangs, Lester (9. august 1969). «Records». Rolling Stone (San Francisco) (39): 37. Henta 7. juli 2017.
- ↑ Platemelding i Rolling Stone - 1969
Bakgrunnsstoff
- Concerto in «B Goode» på Discogs (liste over utgjevingar)