County Kildare

County Kildare
Contae Chill Dara
Land  Irland
Del av Irland
Hovudstad Naas
Areal 1 693 km²
Folketal 186 075  (2006)
Folketettleik 110 / km²
Provins Leinster
Bilnummer KE

County Kildare
53°10′0″ N 6°45′0″ W
Wikimedia Commons: County Kildare
Nettstad: www.kildare.ie

County Kildare (irsk Contae Chill Dara) er eit grevskap i Republikken Irland søraust på Irland i provinsen Leinster. Namnet kjem frå irsk og tyder 'kyrkje' (Cill) 'ved eikene' (Dara)

County Kildare grensar til Meath i nord, Offaly og Laois i vest, Carlow i sør og Dublin og Wicklow i aust. Kildare eir ein del av storbyområdet til Dublin.

Store byar

Byen Kildare er den eldste i grevskapet og den mest historierike. Naas (Nás na Rí på irsk, tyder 'møtestaden til kongar') er hovudbyen.

Newbridge (Droichead Nua) er den største byen i Kildare og ligg sentralt i grevskapet, nær Curraghsletta. Han er ein raskt veksande by med over 20 000 innbyggjarar.

Maynooth (Maigh Nuad) er det historiske utdanningssenteret i grevskapet. Her ligg Nasjonaluniversitet i Irland, Maynooth og St Patrick's College i Maynooth. Kilcock (Cill Choca) er ein by 6 km nord for Maynooth.

Leixlip (Léim an Bhradáin) er eit industrisenter nord for Kildare med store fasilitetar for Intel og Hewlett-Packard, og den opphavlege heimbyen til Guinness, som har opphavet sitt i Leixlip Castle.

Celbridge (Cill Droichid) er den største byen på Irland med ei hovudgate og i nærleiken ligg Straffan med ein golfbane som var vertskap for Ryder Cup i 2006.

I Monasterevin (Mainistir Éimhín) ligg Moore kloster frå 500-talet, som vart grunnlagd av St. Evin.

Byar og landsabyar i Kildare

Byar

  • Athy
  • Leixlip
  • Newbridge
  • Naas

Maynooth (10 000 innb.) og Celbridge (20 000 innb.) har begge søkt om bystatus.

Store landsbyar

  • Allen, Allenwood, Ardclough
  • Ballitore, Ballymore Eustace, Ballynadrumny
  • Calverstown, Caragh, Carbury, Castledermot, Celbridge, Clane, Coill Dubh
  • Eadestown
  • Hawkfield
  • Kilcock, Kilcullen, Kildare, Kildangan, Kill, Kilmead, Kilteel
  • Lullymore
  • Maynooth, Milltown, Monasterevin
  • Narraghmore, Newbridge, Nurney
  • Prosperous
  • Rathangan
  • Sallins, Straffan, Suncroft
  • Two-Mile-House

Kjelder


Koordinatar: 52°40′N 6°50′W