County Wexford
Wexford | |||
Loch Garman | |||
county | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Provins | Leinster | ||
Hovudstad | Wexford | ||
Areal | 2 365,0 km² | ||
Folketal | 145 273 (2011) | ||
Bilnummer | WX | ||
County Wexford 52°30′00″N 6°40′00″W / 52.5°N 6.6666666666667°W | |||
Wikimedia Commons: County Wexford |
County Wexford (irsk Contae Loch Garman eller berre Loch Garman)[1] er eit grevskap i Republikken Irland søraust på Irland i provinsen Leinster. Administrasjonsbyen er Wexford. Namnet på byen, og dermed grevskapet, kjem frå norrøne namnet Waesfjord, fjorden ved mudderslettene.
Eit fylke, Wexford County, i den amerikanske delstaten Michigan er kalla opp etter det irske grevskapet.
County Wexford grensar til Wicklow og Carlow i nord, Kilkenny og Waterford i vest, Det keltiske havet i sør og Irskesjøen i aust.
Historie
I 1169 invaderte anglo-normannarane Wexford etter oppfordring frå kongen av Leinster, Diarmuid MacMurrough Kavanagh. Dette var det første skrittet mot den engelske koloniseringa av øya. Under det irske opprøret i 1798 stod nokre av dei hardaste kampane i Wexford, spesielt slaget ved Enniscorthy og slaget ved Boolavogue.
Det var i 1970-åra planar om å byggje eit atomkraftverk ved Carnsore Point. Dette vart skrinlagt, og det står no eit vindkraftverk med 14 vindmøller der.
Byar og landsbyar i Wexford
- Adamstown
- Arthurstown
- Ballcullane
- Ballygarrett
- Ballykelly
- Bridgetown
- Broadway
- Campile
- Castlebridge
- Coolgreany
- Courtown
- Craanford
- Crossabeg
- Curracloe
- Duncannon
- Enniscorthy
- Ferns
- Gorey
- Inch
- Kilmore
- Kilmore Quay
- Monamolin
- New Ross
- Oylegate
- Wellington Bridge
- Rathnure
- Saltmills
- Taghmon
- Wexford
Kjelder
- ↑ «Loch Garman». Placenames Database of Ireland – logainm.ie. Henta 26. november 2024.
- Denne artikkelen bygger på «County Wexford» frå Wikipedia på engelsk, den 25. oktober 2007.