Cristian Riveros

Cristian Riveros
Personleg informasjon
Fullt namn Cristian Miguel Riveros Núñez
Fødd 16. oktober 1982
Fødestad Julian Augusto, Saldivar
Høgd 181 cm
Posisjon Midtbanespelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Kayserispor
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2000-01
2002
2003-05
2006-07
2007-10
2010-
2011-
Paraguay Tacuary
Paraguay San Lorenzo
Paraguay Tacuary
Paraguay Club Libertad
Mexico Cruz Azul
Sunderland
Tyrkia Kayserispor (lån)
-
14 (0)
77 (7)
48 (8)
111 (17)
12 (1)
5 (4)
Landslag
2005- Paraguay Paraguay 58 (11)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 31. august 2011
‡ Landslagsmål oppdatert 18. januar 2010

Cristian Miguel Riveros Núñez (fødd 16. oktober 1982 i Juan Augusto Saldívar i Central-departementet) er ein paraguayansk fotballspelar som har spela på midtbanen for Paraguay sitt landslag og Kayserispor i den tyrkiske fotballigaen, på lån frå Sunderland i engelsk Premier League.

Riveros spelte i fleire klubbar i heimlandet før han drog til Mexico og Cruz Azul i 2007. Etter tre år der skreiv han under for Sunderland i England 11. mai 2010. Han tok del i fotball-VM i 2006, der han spelte Paraguay sine to første kampar.