Dølahest
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/52/Dole_eating_grass.jpg/220px-Dole_eating_grass.jpg)
Dølahest eller dølehest er ein av dei heilnorske hesterasane, saman med fjordingen og nordlandshesten/lyngshesten. Dølahesten er den største av desse tre. Han har opphav i Gudbrandsdalen.
Raseskildring
Ein god dølahest skal vere sterkbygd, arbeidsviljug og ha kraftig man, hale og hovskjegg. 148-155 cm i mankehøgd vert rekna som idealstorleiken, men godt rasepreg vert rekna som viktigare enn mankehøgd. Ein dølahest skal vere rektangulær i kroppen. Dette har samanheng med gode eigenskapar som arbeidshest.
Historie
Dølahesten som rase har sitt opphav i gamle, austlandske hestetypar som har blitt kryssa med mellom anna engelsk fullblodshest. Fullblodshesten Odin, som vart innført i 1834, vart mykje brukt i avlen. I 1947 vart det for fyrste gong gjeve ut stambok for rasen.
Førekomst
Dølahesten har status som trua-vedlikeholdt på FAO sine lister.