Daniel Frederik Petersen
Daniel Frederik Petersen | |||
Fødd | 21. desember 1757 Drammen kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 24. september 1816 (58 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
Johan Daniel Frederik Petersen (21. desember 1757–24. september 1816) var ein norsk offiser og eidsvollsmann.
Petersen var fødd i Kristiania, der faren hans då var zahlkasserar. Han vart offiser i 1783, og var deretter i teneste for Preussen. Sidan gjekk han i teneste for Danmark-Noreg, vart premierløytnant i slesvigske infanteriregiment i 1783. Han steig i gradane til kaptein ved det norske jegerkorps i 1788, og vart major i 2. akershusiske infanteriregiment i 1801. I 1807 utnemnd til oberstløytnant, året etter til oberst og kommandør for sønnafjelske infanteriregiment. Han vart sjef for sønnafjelske infanteriregiment i 1811, og deltok i 1814 som visekommandant i forsvaret av Fredriksten festning, då som generalmajor. Same året tok han avskjed frå tenesta.
Petersen var våren 1814 utsending til riksforsamlinga på Eidsvoll for sønnafjelske infanteriregiment. Han var medlem av konstitusjonskomiteen, og høyrde til sjølvstendepartiet.
Han døydde i hovudstaden i 1816.
Kjelde
- Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914