Dansk Melodi Grand Prix
- Denne artikkelen handlar om den danske tevlinga. For den norske tevlinga, sjå Melodi Grand Prix.
- Sjå òg Danmark i Eurovision Song Contest.
Dansk Melodi Grand Prix, forkorta DMGP, er ein årleg dansk musikktevling arrangert av Danmarks Radio (DR) som avgjer kven som skal representere Danmark i Eurovision Song Contest. Tevlinga har vorte arrangert sidan 1957, med unntak av åra 1967 til 1977, 1998 og 2003.
Tre vinnarar har òg vunnet Eurovision Song Contest: Grethe og Jørgen Ingmann med «Dansevise» i 1963, Olsen Brothers med «Fly on the Wings of Love» i 2000 og Emmelie de Forest med «Only Teardrops».
Historie
Semifinalar
I 2004 vart det innført ein semifinale i Eurovision Song Contest, og på grunn av at Danmark ikkje fekk deltake i Eurovision Song Contest 2003 vart dei ikkje direktekvalifisert til finalen i Eurovision Song Contest 2004. Thomas Thordarsson og songen «Shame on You» enda på 13. plass av totalt 22 bidrag i semifinalen.
I 2005 gjorde DR eit dristig skritt for Dansk Melodi Grand Prix: For fyrste gong var det lov å framføre eit bidrag på eit anna språk enn dansk. Mange av bidraga i 2005 var dimed framført på engelsk, men mot alle odds vart vinnarsongen, «Tænder på dig» av Jakob Sveistrup, framført på dansk. Bidraget vart seinare skriven om til engelsk og fekk tittelen «Talking to You». Dette året enda Danmark på tredjeplass i semifinalen og var dimed kvalifisert til finalen der dei enda på niandeplass. Danmark vart dimed direktekvalifisert til finalen i Eurovision Song Contest 2006 der dei enda på 18. plass.
Etter mange dårlege resultat vart det i 2007 innført semifinalar i Dansk Melodi Grand Prix. Dei to semifinalane hadde åtte bidrag kvar der dei fire beste kvalifiserte seg til finalen. I tillegg vart dei fire som ikkje gjekk vidare frå kvar av dei to semifinalane sikra ein ny sjanse. På dei to danske radiokanalane P3 g P4 kunne ein vere med og røyste fram dei to siste finalistane. Vinnaren var DQ med songen «Drama Queen» som enda på 18. plass i Eurovision Song Contest.
DR nytta òg formatet med semifinalar i Dansk Melodi Grand Prix 2008. Simon Mathew vann med songen «All Night Long» og enda på tredjeplass i den andre semifinalen i Eurovision Song Contest 2008. Han kvalifiserte seg dimed til finalen der han enda på 15. plass. Frå og med 2008 har det vorte arrangert to semifinalar i Eurovision Song Contest der berre Storbritannia, Tyskland, Spania, Frankrike, Italia, ofte kalla dei dei fem store, og vertslandet er direktekvalifisert til finalen.
Vinnarar
År | Stad | Vinnarsong | Artist | Plass i ESC | Programleiar(ar) |
---|---|---|---|---|---|
1957[a] | København (Radiohuset) | «Skibet skal sejle i nat» | Gustav Winckler og Birthe Wilke | 3 | Sejr Volmer-Sørensen |
1958 | København (Radiohuset) | «Jeg rev et blad ud af min dagbog» | Raquel Rastenni | 8 | |
1959 | København (Radiohuset) | «Uh – Jeg ville ønske jeg var dig» | Birthe Wilke | 5 | |
1960 | København (Radiohuset) | «Det var en yndig tid» | Katy Bødtger | 10 | |
1961 | Fredericia (Fredericia Teater) | «Angelique» | Dario Campeotto | 5 | |
1962 | København (Tivolis Koncertsal) | «Vuggevise» | Ellen Winther | 10 | Svend Pedersen |
1963 | København (Tivolis Koncertsal) | «Dansevise» | Grethe og Jørgen Ingmann | 1 | Mariane Birkelund |
1964 | København (Tivolis Koncertsal) | «Sangen om dig» | Bjørn Tidmand | 9 | Bent Fabricius-Bjerre |
1965 | Lukket konkurranse | «For din skyld» | Birgit Brüel | 7 | Ingen programledere |
1966 | København (Tivolis Koncertsal) | «Stop, mens legen er god» | Ulla Pia | 14 | Annette Fåborg |
1978 | København (Tivolis Koncertsal) | «Boom Boom» | Mabel | 16 | Jørgen de Mylius |
1979 | Søborg (TV-Byen) | «Disco Tango» | Tommy Seebach | 6 | Jørgen de Mylius og Erling Bundgaard |
1980 | København (Falkoner Centret) | «Tænker altid på dig» | Bamses Venner | 14 | Jørgen de Mylius |
1981 | København (Valencia) | «Krøller eller ej» | Tommy Seebach og Debbie Cameron | 11 | Jørgen de Mylius, Jarl Friis-Mikkelsen og Erling Bundgaard |
1982 | Søborg (TV-Byen) | «Video video» | Brixx | 17 | Jørgen de Mylius |
1983 | Søborg (TV-Byen) | «Kloden drejer» | Gry Johansen | 17 | Jørgen de Mylius |
1984 | Søborg (TV-Byen) | «Det' lige dét» | Hot Eyes | 4 | Jørgen de Mylius |
1985 | Lyngby (ASA Studier) | «Sku' du spørg' fra no'en?» | Hot Eyes | 11 | Jørgen de Mylius |
1986 | Søborg (TV-Byen) | «Du er fuld af løgn» | Lise Haavik | 6 | Jørgen de Mylius |
1987 | København (Tivolis Koncertsal) | «En lille melodi» | Anne-Cathrine Herdorf | 5 | Jørgen de Mylius |
1988 | Søborg (TV-Byen) | «Ka' du se hva' jeg sa'» | Hot Eyes | 3 | Jørgen de Mylius |
1989 | København (Bella Center) | «Vi maler byen rød» | Birthe Kjær | 3 | Jarl Friis-Mikkelsen og De Nattergale |
1990 | København (Tivolis Koncertsal) | «Hallo hallo» | Lonnie Devantier | 8 | Birthe Kjær, Dario Campeotto og Zita Boye-Møller |
1991 | Aarhus (Musikhuset) | «Lige der hvor hjertet slår» | Anders Frandsen | 19 | Mek Pek og Camilla Miehe-Renard |
1992 | Aalborg (Aalborghallen) | «Alt det, som ingen ser» | Kenny Lübcke og Lotte Nilsson | 12 | Anne Herdorf og Anders Frandsen |
1993 | Odense (Odense Kongrescenter) | «Under stjernerne på himlen» | Tommy Seebach | 22 | Keld Heick og Kirsten Siggaard |
1995 | Søborg (TV-Byen) | «Fra Mols til Skagen» | Aud Wilken | 5 | Gry de la Cour og Sidsel Agensø |
1996[b] | Søborg (TV-Byen) | «Kun med dig» | Dorte Andersen og Martin Loft | — | Hans Otto Bisgaard |
1997 | Søborg (TV-Byen) | «Stemmen i mit liv» | Kølig Kaj | 16 | Hans Otto Bisgaard |
1999 | Søborg (TV-Byen) | «Denne gang» | Trine Jepsen og Michael Teschl | 8 | Keld Heick |
2000 | København (Cirkusbygningen) | «Smuk som et stjerneskud» | Olsen Brothers | 1 | Michael Carøe og Natasja Crone |
2001 | Herning (Messecenter Herning) | «Der står et billed' af dig på mit bord» | Rollo & King | 2 | Keld Heick |
2002 | København (Cirkusbygningen) | «Vis mig, hvem du er» | Malene Mortensen | 24 | Michael Carøe og Signe Svendsen |
2004 | Aarhus (Atletion) | «Sig det' løgn» | Tomas Thordarson | (13 i semifinale) | Peter Mygind og Natasja Crone |
2005 | Horsens (Forum Horsens) | «Tænder på dig» | Jakob Sveistrup | 9 | Birthe Kjær og Jarl Friis-Mikkelsen |
2006 | Aalborg (Gigantium) | «Twist of Love» | Sidsel Ben Semmane | 18 | Adam Duvå Hall og Mads Vangsø |
2007 | Holstebro (Musikteatret Holstebro) – 1. semifinale Aalborg (Aalborghallen) – 2. semifinale Horsens (Forum Horsens) – finale |
«Drama Queen» | DQ | (19 i semifinale) | Adam Duvå Hall og Camilla Ottesen |
2008 | København (DR Byen) – 1. og 2. semifinale Horsens (Forum Horsens) – finale |
«All Night Long» | Simon Mathew | 15 | Adam Duvå Hall og Camilla Ottesen |
2009 | Herning (Messecenter Herning) | «Believe Again» | Brinck | 13 | Felix Smith og Birthe Kjær |
2010 | Aalborg (Gigantium) | «In a Moment Like This» | Chanée & N'evergreen | 4 | Felix Smith og Julie Berthelsen |
2011 | Ballerup (Ballerup Super Arena) | «New Tomorrow» | A Friend in London | 5 | Felix Smith og Lise Rønne |
2012 | Aalborg (Gigantium) | «Should've Known Better» | Soluna Samay | 23 | Louise Wolff og Emil Thorup |
2013 | Herning (Jyske Bank Boxen) | «Only Teardrops» | Emmelie de Forest | 1 | Louise Wolff, Lise Rønne og Sofie Lassen-Kahlke |
2014 | Odense (Arena Fyn) | «Cliche Love Song» | Basim | 9 | Louise Wolff og Jacob Riising |
2015 | Aalborg (Gigantium) | «The Way You Are» | Anti Social Media | 13 (Semifinale) |
Esben Bjerre og Jacob Riising |
2016 | Horsens (Forum Horsens) | «Soldiers of Love» | Lighthouse X | 17 (Semifinale) |
Jacob Riising og Annette Heick |
2017 | Herning (Jyske Bank Boxen) | «Where I Am» | Anja Nissen | 20 | Johannes Nymark og Annette Heick |
2018 | Aalborg (Gigantium) | «Higher Ground» | Rasmussen | 9 | Johannes Nymark og Annette Heick |
2019 | Herning (Jyske Bank Boxen) | «Love Is Forever» | Leonora | 12 | Johannes Nymark og Kristian Gintberg |
2020 | København (Royal Arena) | «Yes» | Ben & Tan | Tevling avlyst | Hella Joof og Rasmus Bjerg |
2021 | København (DR Byen) | «Øve os på hinanden» | Fyr & Flamme | 11 (Semifinale) |
Tina Müller og Martin Brygmann |
2022 | København (DR Byen) | «The Show» | REDDI | Tina Müller og Martin Brygmann |
- Notar
- ↑ Den fyrste vinnaren av Dansk Melodi Grand Prix, «Skibet skal sejle i nat», var allereie brukt som filmmusikk i filmen Den store gavtyv frå 1956, men i 1957 var det ingen regler om at Melodi Grand Prix-sangene ikkje kunne ha vært framført tidlegare
- ↑ «Kun med dig» fekk ikkje delta i Eurovision Song Contest i 1996. Det året vart det arrangert ein intern førehandskvalifisering som ikkje vart vist på TV, der det danske bidraget ikkke kvalifiserte seg. Songen, som er skrevet av Jascha Richter frå Michael Learns to Rock (MLTR), vart i stadet utgjeven av MLTR på engelsk under tittelen "Paint My Love" på albumet Nothing to Lose (1997).
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Dansk Melodi Grand Prix» frå Wikipedia på engelsk, den 5. juni 2012.