Dasøya

Dasøya
øy
Land  Dei sameinte arabiske emirata
Koordinatar 25°9′N 52°52′E
Lengd 2,4 km
Areal 3,00 km²

Dasøya
25°9′0″ N 52°52′0″ E

Dasøya er ei øy i Persiabukta. Ho er ein del av Abu Dhabi i Dei sameinte arabiske emirata, men ligg kring 150 km nordvest for fastlandet. Øya er 1,2 km brei og 2,4 km lang, og er nesten firkanta.

Dasøya er busett av olje- og gassindustriarbeidarar. Det vert eksportert råolje og flytande naturgass med tankskip frå øya og så langt som til Japan og Europa. Oljeproduksjonen byrja etter leiting i 1956-1960 av Abu Dhabi Marine Areas (ADMA), eit fellesprosjekt mellom British Petroleum og Compagnie Française des Pétroles (seinare kjend som Total). Lokale eksportselskap er ADMA-OPCO (Oil), ADGAS (LNG) og andre.

Dasøya var tidlegare kjend som ynglestad for skjelpadder og sjøfugl. Trass i olje- og gassproduksjonen, held framleis skjelpaddene seg i området og er framleis ein landeplass for trekkfugl.

Kjelder