Deep Purple in Concert
Deep Purple in Concert Konsertalbum av Deep Purple | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | desember 1980 (UK) juni 1982 (US) | |
Innspelt | 19. februar 1970 & 9. mars 1972 | |
Sjanger | Hardrock progressiv rock heavy metal | |
Lengd | 117:00 (Original 2LP) 130:25 (1992 2CD) | |
Selskap | Harvest Records (UK) Spitfire Records (US) | |
Produsent | Jeff Griffin (1970) Pete Dauncey (1972) | |
Deep Purple-kronologi | ||
---|---|---|
Last Concert in Japan (1977) |
Deep Purple in Concert | Live in London (1982)
|
Deep Purple in Concert er eit konsertalbum av det engelske hardrockbandet Deep Purple av to konsertar spelt inn av BBC for konsertserien deira «In Concert», i 1970 og 1972. Albumet kom først i 1980 i Storbritannia. I 2004 vart albumet gjeven ut på SACD som «Live On The BBC».
Den første plata inneheld konsertopptak frå BBC Studios i London den 19. februar 1970. Bandet steppa inn i siste augneblink for Joe Cocker, som måtte avlyse. DJ John Peel introduserte songane etter kvart som dei spelte dei. Den andre plata er ein konsert frå 9. mars 1972, denne gongen med Mike Harding som DJ. Den sistnemnde innspelinga inneheld den einaste kjende konsertinnspelinga av «Never Before» (som var ein singel på den tida) og ein sjeldan Mark II-versjon av «Maybe I'm a Leo». Desse to songane vart spelt i staden for den vanlege «Child in Time» for å marknadsføre det komande albumet Machine Head, som kom ut i slutten av månaden (mars 1972).
«Smoke on the Water» (den første konsertframføringa nokon gong) og «Maybe I'm a Leo» vart ikkje med på den originale vinylutgåva i 1980, men vart gjeven ut som singel.
Lengdene som står oppført på mange av spora på 2001-utgåva er feil.
Innhald
Disk ein: 1970
Alle spor skrivne av Ritchie Blackmore, Ian Gillan, Roger Glover, Jon Lord og Ian Paice, bortsett frå der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Speed King» | 7:22 | |
2. | «Child in Time» | 11:06 | |
3. | «Wring That Neck» | Blackmore, Lord, Paice, Nick Simper | 18:59 |
4. | «Mandrake Root» | Blackmore, Rod Evans, Lord | 17:38 |
Disk to: 1972
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Highway Star» | 8:32 | |
2. | «Strange Kind of Woman» | 9:17 | |
3. | «Maybe I'm a Leo» | 6:17 | |
4. | «Never Before» | 4:34 | |
5. | «Lazy» | 10:22 | |
6. | «Space Truckin'» | 21:46 | |
7. | «Smoke on the Water» | 7:09 | |
8. | «Lucille» | Albert Collins, Richard Penniman | 7:21 |
Medverkande
- Ritchie Blackmore - gitar
- Ian Gillan - vokal
- Roger Glover - bass
- Jon Lord - tangentinstrument
- Ian Paice - trommer
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Deep Purple in Concert» frå Wikipedia på engelsk, den 5. juni 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: