Deflasjon

Deflasjon er ein nedgang i det generelle prisnivået i ein økonomi, det vil seie det motsette av inflasjon. I tider med deflasjon styrkar såleis kjøpekrafta til pengane seg. Deflasjon bør ikkje forvekslast med disinflasjon, som er ein reduksjon i inflasjonen, men som ikkje nødvendigvis treng å innebera deflasjon.

Deflasjon er gjerne knytt til sterke økonomiske nedgangstider, depresjonar. Sidan dei fallande prisane gjer at det løner seg å utsetje kjøp av varer, kan deflasjon gjera at etterspørselen søkk og problema med å få den økonomiske veksten til å ta seg opp att blir forsterka.

Noreg opplevde stor deflasjon i perioden 1920-1933, da den norske staten prøvde å få krona tilbake på pari kurs. Godt kjend er òg deflasjonen i Japan sidan 1990-åra, som den japanske sentralbanken nyttelaust prøvde å få bukt med gjennom å ha ei rente på 0 % fram til juli 2006.

Sjå òg