Dei sju dygdene
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/53/Pacientia_or_Patience.jpg/220px-Pacientia_or_Patience.jpg)
De sju dygdene, eller dei sju kardinaldygdene, er dei positive spegleigenskapane til dei sju dødssyndene i romersk-katolsk kristendom. Dei spelte ei stor rolle for etiske diskusjoner i mellomalderen. Det norske ordet dygd kjem frå norrønt dygð, som er i slekt med å duge. Det latinske ordet for dygd er «virtus» som tyder styrke, (frå «vir», dvs. mann).
Prudentius’ liste
Lista med Dei sju dygdene skriv seg frå eit dikt av 400-tals-poeten Aurelius Clemens Prudentius, Psychomachia, som tek opp kampen mellom det gode og det vonde.
- Dygd - virtus (i motsetnad til vellyst)
- Gjevmilde - liberalis (i motsetnad til grådigskap)
- Måtehald - frenum (i motsetnad til fråtsing)
- Flid - industria (i motsetnad til latskap)
- Tolmod - patientia (i motsetnad til vreide)
- Godleik - humanitas (i motsetnad til misunning)
- Audmykt - humilitas (i motsetnad til hovmod)
Kardinaldygdene
Mot, visdom, måtehald og rettferd er Platons fire klassiske kardinaldygder. Kristen teologi legg gjerne til, frå 1. Kor. 13: Tru, von og kjærleik. Desse sju utgjer til saman dei sju kardinaldygdene:
- Prudentia (visdom eller varsemd)
- Iustitia (rettferd)
- Temperantia (måtehald)
- Fortitudo (mot)
- Fides (tru)
- Spes (von)
- Caritas (kjærleik)[1]
Kjelder
Fotnotar
- ↑ Lista er omsett frå bokmålswikipediaen med tillegg frå nederlandsk wikipedia.