Den apostoliske truvedkjenninga er ei av vedkjenning av den kristne trua. Truvedkjenninga skal vere eit konsentrat av undervisninga til apostlane. Den apostoliske truvedkjenninga fekk si form i det sjette hundreåret, men kan, i ei noko kortare form, følgjast attende til det andre hundreåret etter Kristus. Truvedkjenninga har tre artiklar: Om Faderen, Sonen og Den heilage ande.
Fyrste trusartikkel:
Eg trur på Gud Fader, den allmektige,
som skapte himmel og jord.
Andre trusartikkel:
Eg trur på Jesus Kristus,
Guds einborne Son,
vår Herre,
som vart avla ved Den Heilage Ande,
fødd av Maria møy,
pint under Pontius Pilatus,
vart krossfest, døydde og vart gravlagd,
fór ned til dødsriket,
stod opp frå dei døde tredje dagen,
fór opp til himmelen,
sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader,
skal koma att derifrå
og døma levande og døde.
Tredje trusartikkel:
Eg trur på Den Heilage Ande,
ei heilag, allmenn kyrkje,
eit samfunn av dei heilage,
forlating for syndene,
oppstoda av lekamen
og evig liv.