Den baltiske issjøen

Seint stadium av Den baltiske issjøen for kring 10 300 år sidan, med ein kanal nær Billingen gjennom det som i dag er det sentrale Sverige.

Den baltiske issjøen var ein stor ferskvassjø danna i sørlege delen av Austersjøen for 13 000–10 300 år sidan, med aukande utstrekking føre restane av innlandsisen idet han trekte seg tilbake mot nord. Utløpet mot havet i vest gjekk først gjennom Øresund, men etter kvart som isen smelta, rykte issjøen etter og fekk nytt avløp mot vest gjennom Billingen i Sverige. For ca. 10 300 år sidan vart demninga mot vest brote, og issjøen tappa. I den etterfølgjande tida (10 300–9 000 år tilbake) hadde området ved Austersjøen samband med havet i vest (Yoldiahavet), men vatnet var lenge ferskt på grunn av smeltevatnet frå isbreen.

Kjelder