Det norske U23-herrelandslaget i fotball er eit landslag for spelarar som er 23 år eller yngre. Laget vart skipa hausten 2011 som eit tiltak for spelarar som er for gamle for U21-landslaget.[1]
Den første oppgåva er deltakinga i International Challenge Trophy, ei turnering for åtte nasjoner. Turneringa vert arrangert i perioden 2011-2013, og Noreg er i pulje med Wales, Estland og Tyrkia.
Den første landskamp enda 1-1 borte mot Tyrkia med Mustafa Abdellaoue som målskårar.[2]