Det ytre øyret
Det ytre øyret består av aurikkelen (sjølve øyret), den ytre øyregangen (lat. meatus acusticus externus) og det ytre laget av trommehinna (lat. membrana tympani).
Anatomi og fysiologi
Aurikkelen (lat. concha auricularis) består av følgjande delar:
- Øyreflippen (lat. lobulus)
- Den ytre øyrekrumminga (lat. helix)
- Den indre øyrekrumminga (lat. anti-helix)
- Brusktapp føre øyregangen (lat. tragus)
- Brusktapp på nedre del av indre øyrekrumminga (lat. anti-tragus)
Den ytre øyregangen er normalt hårkledd, og her vert det produsert øyrevoks (lat. cerumen) med antimikrobielle eigenskapar. Han vert produsert inst i gangen, og vandrar så utover.
Trommehinna sørgjer for å danne ein fysisk barriere mellom det ytre og mellomøyret. I tillegg har han som funksjon å overføre lydbølgjene frå den ytre øyregangen til øyrebeinskjeda (øyreknoklane) i mellomøret.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Ytre øre» frå Wikipedia på bokmål, den 26. juni 2010.