Dikken Zwilgmeyer
Dikken Zwilgmeyer | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. september 1853 Trondheim |
Død |
28. februar 1913 (59 år) |
Yrke | skribent, barnebokforfattar |
Språk | norsk |
Far | Peter Gustav Zwilgmeyer |
Dikken Zwilgmeyer på Commons |
Dikken Zwilgmeyer eller Barbara Hendrikke Daae Zwilgmeyer (20. september 1853–28. februar 1913) var ein norsk forfattar. Ho er særleg kjend for Inger Johanne-serien.
Ho var fødd i Trondheim, men flytta til Risør då far hennar, Petter Gustav Zwilgmeyer vart beordra dit som byfogd i mai 1861. Ho flytta som vaksen til Oslo og døydde under eit besøk i Kongsberg i 1913.
Zwilgmeyer skreiv forteljingar for barn, mellom anna om Inger Johanne som gjekk føre seg i Risør. Ho skreiv òg novellesamlinga Som kvinder er (1895) og romanen Emerentze (1906).
Det står ein statue av Zwilgmeyer på utsida av kulturhuset i Risør, Risørhuset. Her er òg begge kinosalane kalla opp etter forfatteren.
Verk
Barnebøker
- Vi børn, Bergen 1890
- Karsten og jeg, Bergen 1891
- Fra vor by, Bergen 1892
- Sommerferier, 1894
- Barndom, Bergen 1895
- Morsomme dage, Bergen 1896
- Hos onkel Max og tante Betty, Bergen 1897
- Udenlands, Bergen 1898
- Fire kusiner, 1899
- Anniken Prestgaren, 1900
- Syvstjernen og andre historier, Bergen 1900
- Frøken Lybæks pensionatskole, 1901
- Lille Jan Bluhme, 1903
- Kongsgaardgutten, 1904
- Maja, 1905
- Hos farfar paa Løvly, 1910
- Vi tre i hytten, 1911
Ungjenteromanar
- Paul og Lollik, 1904
- Inger Johanne, 1909
Bøker for vaksne
- Som kvinder er. Seks fortællinger, 1895
- Ungt sind, roman, 1896
- Mægler Porsvold og andre historier, 1902
- Emerentze. En slægtshistorie, roman, 1906
- Maren Ragna. Et stykke livshistorie, roman, 1907
- Thekla, roman, 1908
Kjelder
- Delar av denne artikkelen bygger på «Dikken Zwilgmeyer» frå Wikipedia på bokmål, den 10. april 2009.
- «Dikken Zwilgmeyer» i Store norske leksikon, snl.no. (NBL-artikkel)