Dnepr

Dnepr, Dnipro, Dnjapro
russisk Днепр (Dnepr)
belarusisk Дняпро (Dnjapro)
ukrainsk Дніпро (Dnipro)
elv
Dnepr sett frå toppen av ein ås i Kiev i Ukraina
Land  Russland,  Belarus  Ukraina
Tilløp
 - venstre Sozj
 - høgre Drut
Nedslagsfelt 516 300 km²
Byar Dorogobuzj
Lengd 2 290 km
Middelvassføring 1 670 /s
Kjelde
 - stad Valdaihøgdene, Russland
 - høgd 220 moh.
 - koordinatar 55°52′00″N 33°41′00″E
Munning Svartehavet
 - koordinatar 46°30′00″N 32°20′00″E

Dnepr
55°52′20″ N 33°43′26″ E
Dnepr-vassdraget
Dnepr-vassdraget
Dnepr-vassdraget
Wikimedia Commons: Dnieper (river)

Dnepr, Dnipro eller Dnjapro[1] er ei elv som renn frå Russland, gjennom Belarus og Ukraina, før ho renn ut i Svartehavet. Den totale lengda hennar er 2 285 km, der 485 km er i Russland, 595 km i Belarus og 1 095 km i Ukraina. Dnepr sitt nedslagfelt er heile 504 000 km², der 289 000 km² er innanfor grensene til Ukraina.[2]

Dnepr har utspring i torvmyrar i Valdaihøgdene i Russland, i ei høgd på 220 meter.[2] Ho renn hovudsakleg sørover, og renn til slutt ut i Svartehavet. 115 km av elva er ei naturleg grense mellom Belarus og Ukraina. Om lag 800 km av elva er ei rekkje av nesten samanhengande reservoar.

Dnepr er knytt til Vestre Bug gjennom Dnepr-Bug-kanalen. Elvemunningen eller limanen vart tidlegare verna av festninga Otsjakiv.

Dnepr i Dorogobuzj i Russland, før 1917.
Dnepr i Kherson i Ukraina.
Dnepr i Krementsjuk.

Namn

I alle tre landa elva renn gjennom har ho hovudsakleg det same namnet, sjølv om det vert uttala noko forskjellig, på russisk Днепр eller Dnepr, på belarusisk Дняпро eller Dnjapro og på ukrainsk Дніпро eller Dnipro. Elva vart først nemnd i det antikke Hellas av historikaren Herodot på 500-talet fvt. som Borysthenes (Βορυσθένης). Seinare kalla grekarane og romarane elva for Δαναπρις - Danapris og Danaper. Det gammalaustslaviske namnet på tida rundt Kievriket var Slavutitsj «den slaviske (elva)», hunarane kalla ho Var og bulgararane Buri-Tsjai.

Namnet Dnepr kjem frå sarmatariske ordet Dānu apara, «elva bakfrå».[3]

Geografi

Sideelver til Dnepr

Dnepr har mange sideelver, og dei viktigaste er nemnd her i orografisk rekkefølgje.

Reservoar

Dei siste 800 kilometrane før Dnepr renn ut i Svartehavet er nesten ei samanhengande rekkje av reservoar, og alle ligg innanfor Ukraina. Dei vart bygd langs elva i lag med vasskraftverka under Sovjetunionen. Desse vasskraftverka utgjer om lag ti prosent av generert energi i Ukraina. Reservoara inkluderer: Kiev (922 km²), Kaniv (675 km²), Krementsjuk (2 250 km²), Dniprodzerzjynsk (567 km²), Dnepr (420 km²) og Kakhovka (2 155 km²). Demningane som dannar desse vert brukt til å generere energi.

Byar og landsbyar ved Dnepr

Byar og landsbyar langs Dnepr er nemnde her frå kjelda til elva (i Russland) og til munningen (i Ukraina):

Arheimar, hovudstaden til gotarane, låg ved Dnepr i følgje Hervarar saga.

Satellittbilete av Dnepr og sideelvene hennar.

Skipsfart

Dnepr er ei viktig transportåre og viktig for økonomien i Ukraina, og alle reservoara er utstyrt med store sluser, slik at skip så store som 270×18 meter kan gå heilt opp til Kiev. Elva vert òg brukt til å transportere passasjerar, og innlandscruise på elvar som Dnepr og Donau har vore eit veksande marked dei siste åra.

Vidare oppover frå Kiev får Dnepr vatn frå elva Pripjat. Denne er det òg mogeleg å segle på, og ho er knytt til Dnepr-Bug-kanalen, som går til elva Bug. Det er i utgangspunktet mogeleg å knyte elva til dei vesteuropeiske kanalane, men ei demning utan sluse nær Brest i Belarus hindrar denne moglegheita. Det politiske forholdet mellom Vest-Europa og Belarus gjer at ein ikkje reknar med at dette kjem til å bli ein realitet på lang tid.[4]

Kraftverk

Elva er vidkjend for demningane sine, som ofte er utropt som nokre av bragdene til den sovjetiske industrien. Den mest vidkjende er DnieproGES nær Zaporizjia, som vart bygd i 1927-1932 genererer årleg 558 MW. Under Den andre verdskrigen vart kraftverket totalt øydelagt, og i 1948 vart demninga bygd opp att på ny med hjelp av arbeidskraft frå Gulag-leirane. Denne gongen vart kapasiteten auka til 750 MW.

Vasskraftverk vart bygd i Krementsjuk i 1954-60, nær Kiev i 1960-64, i Dniprodzerzjynsk i 1956–64, og i Kaniv i 1963–75.

Kjelder

  1. «Utanlandske stadnamn: A–Å», Språkrådet, henta 13. august 2021 
  2. 2,0 2,1 http://www.encyclopediaofukraine.com/display.asp?AddButton=pages\D\N\DnieperRiver.htm
  3. Mallory, J.P. and Victor H. Mair. The Tarim Mummies: Ancient China and the Mystery of the Earliest Peoples from the West. London: Thames and Hudson, 2000. p. 106
  4. NoorderSoft Waterways Database