Do Not Disturb av Van der Graaf Generator
Do Not Disturb Studioalbum av Van der Graaf Generator | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 30. september 2016 | |
Innspelt | Seint 2015 og våren 2016 | |
Sjanger | Progressiv rock, kunstrock | |
Lengd | 57:07 | |
Selskap | Esoteric Recordings | |
Van der Graaf Generator-kronologi | ||
---|---|---|
Merlin Atmos (2015) |
Do Not Disturb |
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
RTE | [1] |
Do Not Disturb er det 13. studioalbumet til det engelske progressiv rockebandet Van der Graaf Generator. Det kom ut på Esoteric Recordings den 30. september 2016.[2][3]
Bakgrunn
I ei melding for TeamRock skreiv Kris Needs at vokalisten Peter Hammill hadde send organisten Hugh Banton og trommeslagaren Guy Evans ein CD med nye songar, som dei brukte ei veke å øve på, ei ny veke med å spele inn akkompagnement, og så seks månader med ekstra lydspor og finpuss i heimestudioa deira. Om albumet sa Needs: «Om, som Peter Hammill har indikert, dette er det siste Van der Graaf-albumet, så går desse Prog’s Lifetime Achievement-vinnarane dette året ut med ein slags tanke-ristande, nydeleg berg-og-dalbane som har gjort til eit av dei beste genuine progressive banda gjennom tidene. Men det finst òg ein tankevekkande aura og ei avsluttande kjensle på dette 13. albumet deira...»[4]
Mottaking
Paddy Kehoe melde albumet for RTÉog skildra sporet «(Oh No I Must Have Said) Yes» som «så prog at det nesten er ein parodi på sjangeren.. » På sporet «Brought to Book» og «Go», såg Kehoe anda til Richard Wright «svevande rundt dei.»[5]
I The Quietus skreiv Richard Rees Jones ikkje rivaliserer med den mørke stordomen til dei klassiske albuma til Van der Graaf Generator i 1970-åra. Han tilrådde nykomarar å byrje andre stader, med Still Life, Godbluff eller Pawn Hearts. Men han såg framleis albumet som «.. eit verdig tillegg til katalogen deira - om dette faktisk blir det siste albumet deira er det ein høvande slutt på den strålande karrieren deira».[6]
Innhald
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Aloft» | 7:20 |
2. | «Alfa Berlina» | 6:40 |
3. | «Room 1210» | 6:48 |
4. | «Forever Falling» | 5:40 |
5. | «Shikata Ga Nai» | 2:29 |
6. | «(Oh No! I Must Have Said) Yes» | 7:44 |
7. | «Brought to Book» | 7:57 |
8. | «Almost the Words» | 7:54 |
9. | «Go» | 4:35 |
Medverkande
Musikars
- Peter Hammill – vokal, gitar, piano
- Hugh Banton – orgel, klaverinstrument, bass, trekkspel, klokkespel
- Guy Evans – trommer, perkusjon
Teknisk
- Koordinator – Mark Powell, Vicky Powell
- Design, kunst – Paul Ridout
- Lydteknikar – Ben Turner
- Mastering – Christian Wright
- Fotografi Tamra Gray
Salslister
Liste (2016) | Plassering |
---|---|
Nederlandske album (MegaCharts)[7] | 96 |
Italia (FIMI)[8] | 48 |
Skotske album (OCC)[9] | 57 |
Britiske album (OCC)[10] | 88 |
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Do Not Disturb (Van der Graaf Generator album)» frå Wikipedia på engelsk, den 9. august 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Van der Graaf Generator – Do Not Disturb (2016) album review Paddy Kehoe». rte.ie. Henta 26. juli 2020.
- ↑ «Van Der Graaf Generator will release 13th album Do Not Disturb in September». teamrock.com. Juni 2016. Henta 26. juli 2020.
- ↑ «Van der Graaf Generator – Do Not Disturb (2016) at Cherry Red Records». cherryred.co.uk. Henta 26. juli 2020.
- ↑ «Van der Graaf Generator – Do Not Disturb (2016) album review». teamrock.com. 26. september 2016. Henta 26. juli 2020.
- ↑ «Van der Graaf Generator – Do Not Disturb (2016) album review Paddy Kehoe at RTE». rte.ie (Raidió Teilifís Éireann). Henta 26. juli 2020.
- ↑ «Van der Graaf Generator – Do Not Disturb (2016) album review by Richard Rees Jones at The Quietus». thequietus.com. Henta 26. juli 2020.
- ↑ "Van Der Graaf Generator – Do Not Disturb". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 9. august 2020.
- ↑ «Album – Classifica settimanale WK 40 (dal 2016-09-30 al 2016-10-06)» (på italiensk). Federazione Industria Musicale Italiana. Henta 9. august 2020.
- ↑ "2016-10-07 Top 40 Skotske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 9. august 2020.
- ↑ "2016-10-07 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 9. august 2020.